|
Open verkstad
Kvar mandag framover vert det Open verkstad for elevane frå kl. 16 - 19. Dette er eit svært populært tiltak, der elevane får høve til å mekke på eigne bilar med kyndig rettleiing frå lærar.
|
|
2012.02.06 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Frå utdanning til jobb
Kommande veke vil alle elevane på VG2 yrkesfag, på VG3 studiespesialiserande og idrett delta på Ungt Entreprenørskap sitt program "Frå Utdanning til jobb". Programmet er praktisk retta og skal gjere elevane betre rusta til å søke lærlingplass og jobb. Målet med programmet er å gi den enkelte elev auka sjølinnsikt i høve til å bli kjent med eigne interesser, ferdigheiter og verdiar.
|
|
2012.02.05 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Stor etterspurnad etter faglærde i bygg- og anleggsbransjen
Berekningar frå Næringsbarometeret syner ay bygg- og anleggsbransjen har stort behov både for lærlingar og for faglært arbeidskraft i åra framover. Frå hausten 2012 aukar Stryn vidaregåande skule opp tilbodet med ei ekstra klasse innan VG1 Bygg- og anleggsteknikk. Skulen vil då kunne vere ein god bidragsytar for å dekke det aukande behovet etter faglært arbeidskraft.
|
|
2012.02.05 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
"Fredagsklinikk" på helse- og sosialfag
Fredag hadde elevane på VG2 Helsearbeidarfaget open klinikk der både personalet og medelevar kunne måle blodtrykk og kontrollere kolestreolet.
Flott tilbod der elevane i tillegg får ei relevant og praksisnær læring!
|
|
2012.02.05 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Gull-, sølv- og bronsemedalje i EM i skiskyting!
Johannes Thingnes Bø har vunne vann gull i mix-stafetten, sølv på 15 km og bronse på jaktstarten i Osrblie i Slovakia.
Vi gratulerer!
|
|
2012.02.03 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Johannes avgjorde EM-GULLET!
Johannes Thingnes Bø tok si andre EM-medalje under meisterskapen i Osrblie i Slovakia i går. Ifølgje den internasjonale skiskyttarunionen sine nettsider var det Johannes som avgjorde gullkampen for Norge. På bildet ser vi det norske vinnarlaget.
Vi gratulerer Johannes med innsatsen og seierane!
|
|
2012.01.31 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Medaljedryss til skiskyttarane våre!
Johan Eirik Meland vart juniornorgesmeister i klasse 18 år på fellesstarten på Lillehammer fredag. Under Norgescuprennet laurdag vann Isak Flo Bødal klasse 17 år. På NM mixstafetten søndag tok Heidi Flo Bødal, Jarle Midthjell Gjørven og Johann Eirik Meland sølv i klasse 17-19 år. Helene Otterdal var med og tok bronse (8 sek frå gull) saman med førdianarane Ole Martin Erdal og Håvard Gutubø i klasse 17-21 år.
Vi gratulerer elevane med innsatsen og seierane!
|
|
2012.01.30 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Studieorienteringsdag ved Stryn vidaregåande skule
Fredag 27.januar er det studieorienteringsdag for avgangselevane. Det vert informasjon om høgare utdanning, gradstruktur, søknadsprosess og opptakskrav. Ulike høgskular og universitet vil informere frå stands og i Auditoriet. Sjå vedlagde plan for dagen.
|
|
2012.01.26 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Fylkesordføraren som vil løfte omdømmet til Sogn og Fjordane
- Når fylket først skulle få si første kvinne som fylkesordførar, må det kunne seiast at vi fekk ei dame med ein spennande profil. 152 centimeter på strømpelesten plasserer henne i klasse med Elisabeth Taylor, Brenda Lee og Dolly Parton når det gjeld høgde over havet. Klatreruta hennar til topps i politikken gjekk utanfor dei hevdvunne rutene.-
|
|
2012.01.26 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Ungdomspolitikarar diskuterte framtida med finansministeren
Finansminister Sigbjørn Johnsen inviterte mandag 23. januar ungdom frå heile landet til å diskutere korleis Norge skal vere i framtida. – Det var både kjekt og lærerikt. Vi hadde gode diskusjonar og fekk fram det vi ville. Vi fekk også inntrykk av at politikarane tok oss på alvor og tek med seg innspela våre vidare, seier nestleiar i Ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane Vilde Tøfte Øvstetun.
|
|
2012.01.26 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Stryn vidaregåande skule 100 år
|