Du som vel studiespesialisering bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag.
Første året er det fellesfag.
Andre og tredje året må du velje fordjupning innan eitt av programområda:
- Realfag
- Samfunnsfag og økonomi
- Språkfag
Avhengig av skulen sitt tilbod, kan du og velje programfag frå andre studieførebuande utdanningsprogram og programfag fra andre programområde i eige utdanningsprogram. Utdanningsprogrammet gjev det breiaste grunnlaget for vidare studier ved høgskular og universitet. Alt etter kva programområde og kva programfag du vel, vil du kunne oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Har du spesielle framtidsdraummar, bør du sjekke nøye kva fagkombinasjoner som krevast før du gjer dine val av programområde og -fag.