Vaksenopplæring


Kontaktinformasjon:


Johanne Elisabett Sørdal:
Tlf: 57 83 48 00
Mobil: 415 30 801
E-post: Johanne.Elisabet.Sordal@sfj.no


Vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne

Etter 01.01.07 skal vaksne søkjarar kontakte den næraste vidaregåande skule for råd og rettleiing om vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne.
Dette bør du vite:

  • vaksne, frå og med det året dei fyller 25 år, som har fullført grunnskule eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring har etter søknad rett til vidaregåande opplæring.
  • denne opplæringa skal vere fleksibel og tilpassa vaksne sin arbeids- og livssituasjon.
  • du har rett til å få vurdert den realkompetansen du har skaffa deg gjennom arbeid eller har tileigna deg på annan måte.
  • realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med deler av opplæringa.
  • fylkeskommunen tilbyr den opplæringa du måtte ønskje, enten som kurs spesielt tilrettelagde for vaksne, eller som nettbaserte opplegg.

Kva har du rett på?

  • Vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.
  • Du har rett på opplæring som er lagd til rettes for vaksne - på dei vaksne sine premissar.
  • Du har rett til ei opplæring som er tilpassa dine eigne behov og din eigen situasjon.
  • Du kan få ordinær, vidaregåande opplæring om det er ledig plass.
  • Du har rett på ei opplæring som byggjer vidare på eigen kunnskap og røynsle.
  • Du har rett på å få korta ned opplæringstida på grunnlag av din eigen realkompetanse.

Kven betaler?

  • Opplæringa er gratis, og du får låne lærebøker. Anna skulematriell og reisekostnadar må du dekke sjølv 
  • Du kan søkje Satens lånekasse for utdanning om stipend og/eller lån til å dekke livsopphald og materiell.

Korleis søkje?

  • Du kan søkje sjølv på nettsida vigo.no
    Treng du hjelp og rettleiing, ta kontakt med vaksenopplæringskoordinator

Kvar skjer opplæringa ?

  • Fylkeskommunen har ansvar for å gje tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne.
  • Fylkeskommunen kan nytte studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar eller andre til å gjennomføre opplæringa.

Kontakt din næraste vidaregåande skule for informasjon og hjelp/rettleiing i høve dine opplæringsønske.
Ønskjer du nærare opplysningar er du velkomen til å ta kontakt med den nærast vidaregåande skule, enten ved personleg frammøte, pr. telefon eller post.

Realkompetansevurdering
Mange vaksne har gjennom arbeidserfaring og kurs tilegna seg kunnskap som fullt eller delvis dekkjer krava i læreplanen for den ønska opplæringa. Realkompetansevurdering er eit tilbod om å få prøvd kunnskapane sine og få godkjent det ein kan i høve dei krav læreplanen stiller.
For å bli realkompetansevurdert må du vende deg til næraste vidaregåande skole og fylle ut eit søknadsskjema. Søknaden med vedlegg for utdanning og praksis vil gi grunnlag for å slå fast om du fell inn under den lovfesta retten for vaksne etter § 4A-3 i opplæringslova, og kva du treng vidare av vurdering og opplæring for å nå ditt opplæringsmål.


Ønskjer du nærare opplysningar er du velkomen til å ta kontakt med oss, enten ved personleg frammøte, pr. telefon eller post.

Nordfjord
VGS
Kontaktperson
Tlf, e-post
Måløy vidaregåande skule
Tlf:       57 84 91 00
Faks:   57 84 91 01
 
Bjarne Husevåg
Tlf: 57 84 91 38
Eid vidaregåande skule
Tlf:       57 88 52 00
Faks:   57 88 52 01
 
Henny Karin Aabrekk
Tlf: 57 88 52 09
Firda vidaregåande skule
Tlf:       57 82 53 20
Faks:   57 86 87 21
 
Kristine Aaberg Ruud
Tlf: 57 82 53 44
Stryn vidaregåande skule
Tlf:       57 83 48 00
Faks:   57 87 49 49
 
Johanne Elisabett Sørdal

 



Vaksenopplaering

Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule