Friluftsliv

I løpet av dei tre åra er vi og fleire friluftsturar:

Vandretur
Vandretur er ein friluftslivstur på VG1 tidleg på hausten som går over to dagar med ei overnatting. Denne turen går i nærområdet som t.d. Klebersdalen, Vetledalssætra. Målet er å lære å slå leir, sporfri ferdsel, lære kva som er viktig å ha med på tur, bruk av utstyr.

Kanotur
Kanoturen er ein friluftslivstur på våren (VG1) som går over 2 dagar med ei overnatting. Vi har på denne friluftslivsturen nytta oss av Lodalen og padla frå Sande til Nesdalen der vi har overnatta i telt og lavo. Elevane får på denne turen lære friluftslivs-aktivitetar som å slå leir, lage og bruke leirplassen, og sporfri ferdsel, samt bruk av kano og kajakk.


Snøholetur
Snøholeturen er ein friluftslivstur på VG1 som blir gjennomført mellom vinter- og påskeferien. Dette er ein tur over 3 dagar med to overnattingar. Målet med turen er å lære om vinterfriluftsliv, skredlære og rassøking, samt grave og bu i snøhole.


Bretur
Breturen er ein slags avslutningstur for idrettsfagselevane i og med at den blir gjennomført i slutten av 3.klasse. Dette er ein spennande og morosam 3-dagars tur, der vi som vanleg overnattar i lavvo eller telt ( eller under open himmel). I løpet av desse dagane får vi to turer på breen, Briksdalsbreen og Brendalsbreen. Vi lærer korleis vi skal ferdast trygt på breen, i tillegg til at vi prøver oss i blåisen.


Kysttur
Kystturen er ein friluftslivstur på VG2 som blir gjennomført i løpet av hausten. Dette er ein tur over 3 dagar med 2 overnattingar. Stryn vgs har dei siste åra nytta kystleirplassen Krokpollen ca 3 km vest for Bryggja. Dei siste åra har denne turen vore eit samarbeidsprosjekt mellom Firda VGS og Stryn VGS I løpet av desse dagane får elevane prøvd seg på segling, sette garn og krabbeteiner, drage garn og krabbeteiner, motorbåtkøyring, kano- og kajakkpadling, ro færing, koke fisk og krabbe, songkonkurranse m.m.



Vandretur
Vandretur i fjellet
Kanotur
På kanotur i Lodalen
Kysttur
Kysttur
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule