Litt om sentrale fag på Vg1 Restaurant og matfag:
| Felles programfag |
| Bransje, fag og miljø |
5 timar
|
| Kosthald og livsstil |
5 timar
|
| Råstoff, produksjon og servering |
7 timar
|
|
Prosjekt til fordjuping
|
|
6 timar pr. veke
|
|
Fellesfag
|
| Engelsk |
3 timar
|
| Kroppsøving |
2 timar
|
| Matematikk |
3 timar
|
| Naturfag |
2 timar
|
| Norsk |
2 timar |
Prosjekt til fordjuping
Prosjekt til fordjuping skal gi deg høve til å
prøve ut eit eller fleire aktuelle lærefag innan
relevant utdanningsprogram. Opplæringa får
du både på skulen og gjennom utplassering
i ei eller fleire bedrifter.
Dei siste åra har elevane drive eigen restaurant på skulen, eller hatt ulike forretningsidear der dei produserer mat eller produkt som blir seld til gjestar og kundar.
Arbeidet med ungdomsbedrift på VG1 skal utvikle kreativitet, tverrfagleg tenking og personleg vekst.
Bransje, fag og miljø
Her lærer du om ulike bransjar innan restaurant og matfag, helse, miljø, sikkerheit og førstehjelp.
Kosthald og livsstil
Teoretisk lærer du korleis kosthaldet har innverknad på helse og livskvalitet. På kjøkkenet lærer du å lage næringsrik og helsefremjande kost. Du lærer også å lage tradisjonsmat både frå innland og utland, i tillegg til spesialkost.
Råstoff og produksjon
I dette faget får du grunnleggjande trening innan ulike produksjonsmetodar og prosessar. Kunnskap om behandling av råvarer, mat og drikke er sentralt i programfaget. Personleg hygiene og reinhald er viktig i all matproduksjon. Dette blir gjennomgått i teori, og praktisert på kjøkkenet. I restauranten lærer du ulike serveringsteknikkar, presentasjon av rettar, service og kommunikasjon.
Stryn vidaregåande skule tilbyr
VG 2 kokk og servitørfaget. Der kan du fordjupe deg innan kokkfaget, institusjonskokk eller servitørfaget.