Orientering
Orientering er eit emnekurs som strekk seg over 25 timar. Dvs 8 praktiske økter a 3 timar. Det blir her lagt vekt på forståing og bruk av orienteringskart og kompass. I løpet av kurset får elevane prøvd seg på 3 ulike kart og terreng.
Generell skidugleik / Skiskyting
Emnekurset generell skidugleik strekk seg over 25 timar. Elevane startar kurset med skileik (som inneber flateleikar, kulekøyring, hopp, slalom osv) og held fram med å lære seg teknikkar innan for dei to stilartane i langrenn; klassisk og skøyting. På slutten av kurset få elevane også høve til å lære seg litt om skiskyting. Ullsheim, fylkesanlegget i langrenn og skiskyting, blir nytta i samband med dette kurset.
Nettballspel
Nettballspelkurset er på 18 timar.
Hovudvekta vert lagt på badminton og volleyball. I tillegg har vi og med bordtennis, squash og tennis.
Symjing
Kurset er på 20 timar der vi har som mål å lære og vidareutvikle ulike symjeteknikkar, stup og livredning. I tillegg lære korleis ein kan nytte bassenget til ulike typar trening.
Dans
Dette er eit kurs på 22 timar der vi har som mål og lære oss ulike dansar frå forskjellige land. Frå gamle tradisjonelle norske til meir moderne, nyare dansar. I tillegg skal elevane sjølve prøve å lage ein dans. Danseundervisninga føregår både i Strynehallen og på Amfi treningssenter.
Friidrett
Emnekurs i friidrett er eit kurs på 18 timar. Her tek vi sikte på å vere innom dei ulike øvingane innan løp (sprint, hekk), hopp (høgde, lengde, tresteg) og kast (kule, diskos, spyd, slegge). Friidrettsundervisninga går føre seg på Stryn stadion og i Strynehallen.