Service og samferdsel - Transport og logistikk


-I samarbeid med transportbransjen

Kva er transportfag?

Ei utdanning retta mot dei som vi ha eit yrke innan eller i tilknyting til transportnæringa. Transportnæringa i Nordfjord samarbeider med skulen om opplæringa. Dermed blir dette ei utdanning der du verkeleg vil føle på kroppen kva som skjer i næringa. Så her må du vere innstilt på hektiske dagar. Transportnæringa i Nordfjord er i dag ei svært stor næring. Det vil i åra framover bli stort behov for nye tilsette i dei mange bedriftene i regionen.

Lastebil - TendenUndervisningsopplegget

Det vert teoretisk og praktisk opplæring både på skulen og ute i bedriftene. Ein får ei grunnopplæring i eit emne på skulen, og så held ein fram og prøver dette i praksis ute i bedriftene. Mykje av det ein stellar med i transportfaget krev at ein er 18 år. Men teoretisk opplæring til bil sertifikat klasse B, praktisk og teoretisk opplæring på truck og farleg gods, inngår i opplæringa.

Opplæringa vil foregå vekselvis i skulen og ute i dei samarbeidande verksemdene. Her er dei verksemdene skulen samarbeider med, og som også vil ta imot deg som lærling:

  • Lars Kveen AS, Stryn
  • Miljøservice AS, Stryn
  • Måløy Containertransport AS, Måløy
  • Naustdal Auto AS, Nordfjordeid
  • Nor Cargo Thermo AS, Stryn
  • Nor Drikk AS, Stryn
  • N. & S. Billag AS, Stryn
  • Olsen Transport AS, Raudeberg
  • ORTRA AS, Stårheim
  • Tenden Cont. & Gjenv. AS, Stryn
  • Olav Tenden Transport AS, Stryn
  • Thor Tenden Transport AS, Stryn
  • Tollpost Globe AS, Stryn
  • Termo Partner AS, Stryn

EkspressbussVegen vidare :

Alle som vil ha lærlingplass vil få tilbod om det i ei av dei samarbeidande verksemdene innan eit av desse valfrie fagområda: - Materialadministrasjonsfaget - Gjenvinningsfaget - Terminalarbeidarfaget - Yrkessjåførfaget

Så her er mange opne vegar!

Inntakskrav:

Skal du starte på VG2 transportfag er inngongsbilletten grunnkurs mekaniske fag, grunnkurs elektrofag eller grunnkurs allmenne, økonomiske og administrative fag.

Eksempel på praksis:

Naustdal auto

Eirik Blom er utplassert hos Naustal Auto.

miljøservice

Bjørn-Ole Årdal er med Miljøservice og tømmer septiktankar.

Snigla

Joakim køyrer "snigla", ein elektrisk truck som er mykje brukt på terminalar.

Truck og snigla

Lasse køyrer trucken, medan Joakim og Eirik følgjer med oppe på planet



Service og samferdsel
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule