På
vilbli.no ligg informasjon om MinID. For å kome inn på vigo, må ein ha personleg kode, MinID. Koden får du tilsendt til folkeregisteradressa. Med hjelp av dei tilsende kodane kan du logge deg inn på vigo.
Du bør lage deg eit sjølvvald passord ved førstegongs innlogging. Det sjølvvalde passordet er det berre du som kjenner. Rådgjevarane har ikkje tilgang til brukarnamn og passord, slik vi hadde før.
Ved seinare innlogging vil du får ein kode tilsendt på SMS. Ein treng passordet og koden (som er ny for kvar gong) for å kome inn på vigo etter førstegongs innlogging. Dersom du ikkje har mobiltelefon, må du heile tida nytte pinkodar frå MinID.
Tidlegare år har rådgjevarane og inntakskontoret kunne skaffe elevane kodar når dei har rota vekk dei dei fekk her på skulen. No må du altså halde orden på dette sjølv.
Helsing
rådgjevarane ved Stryn vidaregåande skule