Informasjon om helseteneste ved Stryn vidaregåande skule
Helsesøster er ein helsefagperson som de kan ta opp mange ulike spørsmål med. Helsesøster har teieplikt.

Helsesøster kan du treffe på skulen på onsdagar 09.00-12.00
Då kan ho treffast i andre etasje i fløy 3 - rom 3211

Helsestasjon for ungdom
Held til på Helsestasjonen (i andre etasje over Bunnpris)
Opningstider: Torsdagar 14.30 - 16.30 (stengt i skuleferiar)

Den første torsdag kvar månad er det helsestasjon berre for gutar.
Dei andre tre torsdagane i månaden kan både jenter og gutar besøke helsestasjon for ungdom.

Telefon til helsestasjonen: 57 87 69 99
Helsesøster på mobil: 992 88 614
Send ein SMS til helsesøster for å evt. gjere ei avtale

Aktuelle tema helsesøster ofte får spørsmål om er:

  • Forhold som gjeld kroppen - sjuk eller frisk, smerter, hudproblem m.m.
  • Om kjensler/følelser (trist, lei seg, angst, deprimert)
  • Søvn
  • Mat/kost
  • Vanskar i høve til andre mennesker (td. venner, familie, forhold i skulesituasjonen og så vidare).
  • Seksualitet
  • Samliv
  • Prevensjon
  • Seksuelt overførbare sjukdommar (SOS)
  • Rus
  • Helsesøster kan undersøke høyrsel og syn.

 

Vi veit at mange unge slit med psykiske problem. Mange gongar kan det vere fint å kunne snakke med nokon som ikkje er familie eller venn.
Dersom det er behov kan eg formidle kontakt med til dømes: lege, psykolog, psykisk helsearbeidar, sosialtenesta og rådgjevar eller andre samarbeidspartar.

Vi har gratis kondom til å dele ut.

Kontorstad:
Stryn helsestasjon, (Andre etasje over Bunnpris ):
adr. Rognehaugen 11
6783 Stryn




Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule