Vg2 Ambulansearbeidarfag

- Nytt fylkesdekkande tilbod lagd til Stryn
Frå hausten 2009 kan du starte utdanning til ambulansearbeidar i Sogn og Fjordane. Utdanninga er lagd til Stryn vidaregåande skule, og opplæringa vil skje i samarbeid med Helse Førde og ambulansetenesta/ambulansestasjonane rundt om i fylket.
Ambulansearbeidarfag
Det blir mykje øving i Ambulansearbeidarfaget

Ambulansearbeiderfaget byggjer på Vg1 Helse- og sosialfag. Som elev ved linja vil du ha dei same fellesfaga som andre elevar har på tilsvarande nivå på yrkesfaglege studieretningar ( 2 timar norsk, 2 timar engelsk, 3 timar samfunnsfag og 2 timar kroppsøving).

I tillegg vil du ha spesifikke fag retta mot ambulansearbeiderfaget ( 17 timar fordelt på grunnleggande helsefag, ambulanseoperative emne og ambulansemedisin ) + 9 timar Prosjekt til fordjuping. Desse timane vil i hovudsak vere praksis ute på sjukehus og ambulansestasjonar.

Ambulansearbeidarfag - lærling
Susann Flo Muri er lærling ved ambulansestasjonen i Stryn. Her saman med Wencke Sunde som er rettleiaren hennar.

2 år på skule – 2 år som lærling
Etter avslutta 2 år på skule (Vg1 Helse- og sosialfag, + Vg2 Ambulansefag ) følgjer så om 2 år lærling, anten ved ein ambulansestasjon, tilknytta eit av sjukehusa i fylket eller ved ein ambulansestasjon i distrikta.

Kva skulen / ambulansetenesta forventar
Det er 6 studieplassar ved skulen i Stryn og du vil som elev gå saman med dei som skal bli yrkessjåførar/terminalarbeidarar i fellesfaga.

Elles forventar vi at du er motivert, har god fysikk, er innstilt på at dette er eit krevjande yrke også psykisk. Og som elles – har lite fråvær.

Luftig læretid
I læretida blir du kanskje med ambulansehelikopteret også?

Ambulansearbeidarfag - helikopter

Om det er noko du lurer på, så skal du ikkje nøle med å kontakte oss, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan!
Du kan sende ein epost til:
Einar Myklebust       Einar.Myklebust@sfj.no
Liv Rygg       Liv.Elisabet.Rygg@sfj.no


Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule