”THE CHANGING WORLD OF WORK”

Internasjonal konferanse på Stryn vidaregåande skule, 16.- 19. september 2008
Studiespesialiserande utdanningsprogram 2006/2009

Stryn vidaregåande skule har fått økonomisk støtte frå SIU til eit samarbeidsprosjekt som starta i 2006, og skal vare fram til våren 2009.
Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid mellom skular i Europa.
 
Følgjande skular er med i prosjektet:
  • Norge: Stryn vidaregåande skule
  • Storbritiania, London : The London Nautical School
  • Tyskland, Nordrhein-Westfalen: Gesamtschule Rheydt-Mülfort
  • Italia, Umbria : Istituto di Istruzione Superiore ”R. Casimiri” (Koordinatorskule)

 

Prosjektet har som mål å styrke kunnskapen om andre elevar, språk, kulturar, arbeidsmarknad og nasjonar i Europa.
 
Hovudfokus i prosjektet er:
  • Språk
  • Historie, tradisjonar og kulturforståing
  • Arbeidsmarknad i endring
  • Bruk av IKT
 
Bakgrunnen for prosjektet er at samfunnet i dag er blitt meir og meir internasjonalt. Difor er det viktig å utvikle kunnskapar om andre land, samfunn og kulturar, samtidig som ein lærer nødvendig kunnskap som bruk av språk og IKT.
Aktivitetsoversikt 2007
Planleggingsmøte mellom partnerskapsskulane (lærarar/adm) 13. 15 april 2007
april 2007:
Undersøking av yrke til foreldre og besteforeldre
april – juni 2007:
Oppsummering/presentasjon av yrker i Stryn
8-10. juni 2007:
Konferanse mellom lærarar og elevar ved partnerskapsskular
2-3 elevar og 2 lærarar frå kvar skule møter i London
 
Aktivitetsoversikt 2008
  • Stryn Conference 16 – 19 september 2008 -  Besøk av lærarar og elevar frå England, Tyskland og Italia
  • Prosjektmøte i Tyskland
 
Aktivitetsoversikt 2009
  • Utveksling av elevar mars 2009
  • Prosjektavslutning i London mai 2009


Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule