Er du glad i å lage mat? Likar du å servere og yte service?
Då kan utdanning innan
Restaurant- og matfag passe godt for deg!
Som elev ved Stryn vidaregåande skule vil du kunne gjennomføre opplæringa di i nye og moderne undervisningsrom. Skulen har nytt undervisningskjøkken og eigen flott restaurant, der elevane praktiserer og kan servere mat til ca. 60 personar.
Utdanningsprogrammet restaurant og matfag er eit yrkesfagleg utdanningsprogram med 2 år opplæring i skule og 2 år opplæring bedrift.
Etter fullført opplæring kan du gå opp til fagprøve som gir deg fagbrev innan valt yrke.
Etter fullført
VG1 Restaurant- og matfag på Stryn vidaregåande kan du gå vidare på
VG2 Kokk og servitørfag, som gjev grunnlag for fagbrev innan kokk-, institusjonskokk- og servitørfaget. Sogn og Fjordane kan tilby mange og gode læreplassar innanfor desse yrka.
Ønskjer du å vidareutdanne deg innan fagområdet ditt, bør du ha 2 års praksis i bedrift etter fagbrev.
Vidare påbygging med generell studiekompetanse legg grunnlag for opptak til fagskular, høgskular og universitet.