Vil du gå på 2 vekers sommarskule?

Sommaren 2010 vil Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Mo og Jølster vidaregåande skule arrangere sommarskule på  Mo og Jølster vidaregåande skule, avd. Mo. Lærarane vil gje undervisning til elevar som tremg å ta eksamen i matematikk Vg1


Veke 26 og 27: Start måmdag 28.06.10 kl 11 for innkvartering på internatet. Undervisninga føregår måndag til fredag og du vil få 3 måltid kvar dag i skulen si kantine. Det blir også lagt opp til nokre sosiale aktivitetar i løpet av desse to vekene. 3 timars eksamen vert halden 09.07.10 og deretter avreise frå skulen.

Tilbodet er gratis. Du må dekke reisekostnadane til og frå skulen sjølv.

Dette er for deg som ikkje har bestått eksamen i matematikk eller ikkje fått ståkarakter i faget frå Vg1.

Søknadsfrist: 18.06.10

For påmelding eller spørsmål ta kontakt med
Irene Wolff Menes, Sogn og Fjordane fylkeskommune,
tlf 57 65 62 20
irene.wolff.menes@sfj.no



Padlerstolpe
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule