Fordjupningsidrettar
Stryn vidaregåande skule har fire hovudsatsingsidrettar; fotball, handball, langrenn og skiskyting.

Fotball
Stryn vidaregåande skule tilbyr fotball som fordjupingsfag, og på denne måten kan ein kombinere fotballsatsing med utdanning.

Fotball er den fordjupingsidretten som flest elevar vel. Elevane får her tilbod om opptil 3 økter a 3 timar med fotball i løpet av ei skuleveke. Vi har fine lokalitetar. Strynehallen blir nytta om vinteren, her finn vi og eit styrkerom vi nyttar oss av. Når snøen er borte nyttar vi kunstgrasbana på Stryn stadion. Stryn vidaregåande skule har og samarbeid med Stryn fotball, slik at elevar som kjem hit skal få eit tilbod om trening på kveldstid.

På grunnkurset vil du først og fremst få innføring i fleire ulike idrettar, men 1 fotballøkt i veka vil der stort sett alltid vere. Når dei ulike emnekursa er gjennomførte ligg det til rette for 2 fotballøkter i veka. På Vg2 og Vg3 vert det stort sett lagt opp til 3 økter per veke i skuletida.
I timane legg vi vekt på fysiske, tekniske og taktiske faktorar som er sentrale i fotball og som er viktige for utøvaren på sikt.

Gjennom å fullføre 3 år på Idrettsfag med fotball som fordjuping vil du og vere kvalifisert til å motta Trenar 1-autorisasjon, det som tidlegare tilsvarte B-trenar i fotball.


Langrenn / Skiskyting
Stryn vidaregåande skule er den einaste skulen i fylket som har ein velutvikla modell for dei som ynskjer å kombinere skisatsing med utdanning.

Langrenn og skiskyting er ein tidkrevjande idrett treningsmessig. Vi legg difor opp til økter med 3-4 skuletimar i slengen. Dette gjer det mogleg med skiøkter frå 1,5 til 2 timar på ski, og om hausten og våren har ein tid til å rekke ein fjelltopp i nærområdet!

Elevar som vel langrenn og skiskyting som fordjupingsidrett blir fleire gangar i veka køyrt til Ullsheim, fylkesanlegget for langrenn og skiskyting, der dei får trene i godt preparerte løyper med vegleiing frå kvalifiserte trenarar både på dagtid og kveldstid.

På grunnkurset vil du først og fremst få innføring i fleire ulike idrettar, men i den viktigaste delen av barmarksperioden og vintermånadane vil du få høve til to treningsøkter med langrenn/skiskyting i skuletida. På Vg2 og Vg3 vert det stort sett lagt opp til 3 økter per veke på dagtid.

Skulle det vere snømangel på Ullsheim kan vi gjere oss nytte av andre anlegg som ligg innan rimeleg reiseavstand. Hornindal, Vangen og Strynefjellet er plassar kor vi ofte finn god forhold.

På Ullsheim disponerar skulen også garderobar, smørjerom og styrkerom. Her finst det snøkanonanlegg som kan gjere at vi kan starte sesongen tidlegare og få meir stabile forhold.


Handball

På Stryn vidaregåande kan du velje handball som fordjupningsidrett. Av dei 10 timane med trening i veka får du på Vg1 minimum 1 økt med handball kvar veke. På Vg2 og Vg3 får du frå 2-3 økter i veka, alt ettersom kor mange emnekurs ein held på med.

I undervisninga nyttar vi Strynehallen og vi legg vekt på teknisk, taktisk og fysisk trening. I tillegg er vi ein del på styrkerommet og på Amfi Treningssenter.

I Stryn har vi eit aktivt damelag som spelar i 3.divisjon der flesteparten av elevane er med. Målet er at vi om eit par år også kan få starta opp eit herrelag igjen.



Fotball
Fotball
Handball
Handball
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule