Du som vel bygg- og anleggsteknikk bør ha praktisk sans, vere nøyaktig og ha godt handlag. Du bør vere sjølvstendig, men og kunne arbeide i team, fordi mange bygge- og anleggsprosjekt krev nært samarbeid mellom ulike yrkesgrupper.
Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, og fører fram til yrke der det stillast strenge krav til kvalitet og sikkerheit.
Bygg- og anleggsteknikk gjev og gode mulegheiter for vidareutdanning mot yrke som for eksempel teknikar, ingeniør eller arkitekt.
Studiekompetanse kan ein få gjennom forkurs på ingeniørhøgskule.
Vidaregåande steg 1:
Bygg- og annleggsteknikk
Vidaregåande steg 2:
Byggteknikk
Yrke
Betongfagarbeidar
Blikkenslager
Feiar
Glassfagarbeidar
Målar
Rørleggar
Steinfagarbeidar
Stillasbyggar
Taktekkar
Tømrar
Fem fakta om byggenæringa
- Byggenæringa si verdikjede sysselset omlag 330 000 personar. Dette utgjer omlag 15% av alle sysselsette i landet.
- Totalt omest byggenæringa for omlag 350 milliardar kroner og har ei samla verdiskaping i samfunnet på over 150 milliardar kroner.
- Byggenæringa har eit årleg rekrutteringsbehov på omlag 10 000 personar.
- Byggenæringa er den største distriktsnæringa, og den største arbeidsgjevaren i dei aller fleste fylke.
- 97 % av bedriftene har under 20 tilsette.