Deltok på Ridderrennet

Torsdag 15.april til søndag 18.april var Cato André Solvik og Heidunn Haugen saman med kjende frå arbeidssenteret i Stryn på Beitostølen for å delta på Ridderrennet.

Fredagen deltok dei på testrenn og gjorde seg samtidig kjend med løypa til sjølve Ridderrennet. På kvelden var det talentkonkurranse der mellom anna Den kongelege norske garde deltok.

Så kom laurdagen, den store renndagen. Cato gjekk løypa på 10 kilometer, ein stor prestasjon! Laurdag kveld var det premieutdeling og velfortente medaljar.

Søndag var så ei flott helg med skiaktivitetar på Beitostølen over, og det var tid for heimreise.


Cato Solvik
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule