I tilfelle Svineinfluensa på skulen

Då det er påvist Svineinfluensa i indre Nordfjord, reknar vi med at også vår skule og våre elevar vil bli råka av sjukdommen.

Dei som er sjuke no, og har influensa-symptom er blitt oppmoda om halde seg heime og i ro i 7 dagar. Det er viktig at ein ikkje deltek på fritidsaktivitetar og held seg mest mogeleg for seg sjølv for å redusere eventuelt smittepress på andre.

Eigenmelding
Ein treng ikkje legeattest på fråværet. Fylkeskommunen godkjenner eigenmelding inntil 7 dagar frå eleven med underskrift, evt. frå foreldre, dersom eleven er borte p.g.a influensa. Husk å gje beskjed til kontaktlærar om fråvær og sjukdom slik at vi har oversikt.

Dei som er friske, men som har hatt kontakt med sjuke må vere særleg merksame på influensa-symptom.

Risikogrupper og vaksine
Personar i risikogrupper kan kome på skulen som vanleg om dei er friske, men må vere særleg merksame på symptom på influensa-sjukdom og ta kontakt med lege ved symptom, slik at ein kan få medisin.

Hygiene
Det er viktig at alle gjer det dei kan for å førebyggje smitte med god handhygiene og hostehygiene spesielt.

Meir om Svineinfluensa:
pandemi.no for råd og tips
Begrense smitte

Spørsmål - ta kontakt med:
Skulen på telefon 57 83 48 00
Helsesøster Kari Tommasgard på mobil 992 88 614




sjuk
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule