Skiskyttarane med kjempeinnsats!

Skiskyttarane på skulen gjorde ein kjempeinnsats under norgescuprenna på Lygna i helga. Laurdag vart det 2.plass til Pål Andre Skrede og søndag gjekk Johannes Thingnes Bø heilt til topps! Når Jarle Midthjell Gjørven i tillegg leiar norgescupen samanlagt etter fjerde og femte plass, kunne Rune smile frå øyre til øyre over innsatsen!

Det var vanskeleg e vindforhold og derfor vart det også ein del bom både på våre løparar og konkurrentane. På normalprogrammet laurdag var Pål Andre og Jarle mellom dei som meistra dei vanskelege forholda best. For Pål Andre var dette eit sjumilssteg i rett retning. I fjor plasserte han seg rundt 30-40 når han møtte dei beste i si klasse. Også Isak Fotland Fænn gjorde det bra laurdag og kom inn som nummer 34 av dei 83 som starta.

Søndag tok Johannes ein flott revansj etter 11 bom og 15 plass laurdag. Johannes er no den suverent raskaste på ski i 17 års klasse. Derfor kunne han gå heilt til topps til tross for 5 strafferundar. Jarl e fylgde flott opp med fjerdeplass, berrre 13 sekund bak og Pål Andre vart nummer 16. For Runar Netland og Geir Olav Roset, vart det også stor framgong etter skuffande resultat på laurdag. Dei høvesvis nummer 20 og 23, og fekk dermed med seg verdifulle norgescuppoeng. Isak kom denne dagen i mål som nummer 43. 

Strålande opningshelg for skiskyttarane med andre ord. No blir det hard jobbing framover for å bli endå betre. 

Sommar-NM skiskyting 2009

PS: Johannes Thingnes Bø vedda med trenar Rune Åland før sesongen. Veddemålet var at dersom Johannes klarte tre pallplasseringar i NM eller norgescup i løpet av året skulle Rune farge håret grønt.. Johannes har no tre fyrsteplassar på fire forsøk. Rune må dermed gå med grønt hår ei veke.. Du grønne, glitrende Åland god dag, velkommen du som vi ser så gjerne!  

DSC03459.JPG
Tappert smil...

DSC03460.JPG
Fargen skal stemme

DSC03461.JPG
Angrande?

DSC03462.JPG
Du grønne, glitrende....



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule