Rulleskianlegg i Stryn!

Eit samrøystes vedtak på Fylkesutvalet sitt møte 25. mai om å løyve 1 million kroner til rulleskianlegg i Stryn kan no føre til at planane vert realisert.

Markane Idrettslag har ei stund hatt planar om å bygge rulleskianlegg på skiarenaen Ulsheim i Stryn. Frå før er det eit liknande anlegg i Vik i Sogn. Eit slikt anlegg gir utøvarane trygge og stabile treningstilhøve.
Anlegget har ein prislapp på 5,5 millionar.

Klemet Bø, leiar i skiskyttar-gruppa i Markane idrettslag, og far til landslagskometen Tarjei Bø seier til Fjordingen at han ser det som truleg at rulleskibana kan påbyrjast i juni månad og at ho vert fullført i løpet av hausten 2010.

For elevar på idrettsfag som har fordjuping i langrenn eller skiskyting betyr ei slik bane betre treningstilbod. ( Snømangel treng ikkje lenger vere eit problem).

Vi får no eit komplett treningsanlegg for langrenn og skiskyting både sommar og vinter.


Rulleski
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Stryn VGS All rights reserved

Stryn vidaregåande skule