På tur til Oslo
21-24. April 2009 var klasse 2HAA på studietur. I år gjekk til Oslo der klassa skulle besøke Rikshospitalet og AHUS (Akershus Universitetssjukehus). Her kan du lese om korleis elevane opplevde turen.
2009.06.26 av Martin Sandal [Les meir...]
2HAA og 2HS på skuletur til Trondheim
skuletur hsaa hs

I april var elelvane i VG2 Helsefag på skuletur til Trondheim. Her besøkte dei mellom anna St. Olavs hospital og Nidar sjokoladefabrikk.Du kan lese elevane sine rapportar frå turen her!

2009.06.26 av Martin Sandal [Les meir...]
Pionerkurs innan helsefaget
Helsefagarbeidar

Kommunane i Nordfjord og Sunnfjord skrik etter fleire fagarbeidarar innan helsesektoren, og onsdag 30.01.08 starta eit kurs for Helsefagarbeidarar ved Stryn vidaregåande skule. 31 deltakarar har fått plass ved dette første kurset, og fleire står på vent. Deltakarane kjem frå Vågsøy, Selje, Bremanger, Gloppen, Eid, Hornindal og Stryn kommunar. Stryn vidaregåande skule har hatt eit nært samarbeid med kommunane for å få til eit best mogleg tilbod til deltakarane.
2009.06.26 av Martin Sandal [Les meir...]

Du som vel helse- og sosialfag, må like å arbeide med menneske. Du må kunne ta omsyn til andre og ha evner til å kommunisere og samhandle med menneske i alle livssituasjonar.


I fleire yrke krev ein politiattest.

Utdanningsprogrammet fører fram til yrker der eigne haldningar, kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilsjukdomar, arbeidsmiljø og kulturforskjellar er viktig, og der det blir stilt krav til heilheitleg tenking og tverrfagleg samarbeid.

 

Vg1 Helse- og sosialfag
Vg2 Helsearbeidarfag
Vg2 Ambulansearbeidarfag

 

Yrke:
Ambulansearbeidar
Apotekteknikar
Barne- og ungdomsarbeidar
Fotterapeut
Helsesekretær
Hudpleiar
Tannhelsesekretær
Ortopediteknikar
Helsefagarbeidar
Stryn vidaregåande skule