21 584 Euro til Vg2 Helsefagarbeidar / Vg2 Ambulansefaget
education and culture

Nasjonalkontoret i Bergen ( SIU ) har nyleg delt ut internasjonale prosjektmidlar til skulane. Stryn vgs. fekk 21 584 Euros til å gjennomføre Leonardo da Vinci prosjektet ”Health and social care in an international perspective” i samarbeid med Kings College i London.

2009.06.26 av Martin Sandal [Les meir...]
54 405 Euro til partnerskapsprosjekt i samarbeid med Murcia og La Rochelle
education and culture

Luster vgs, Måløy vgs, Stryn vgs og Opplæringskontoret skal gjennomføre eit 2-årig prosjekt i samarbeid med skular / bedrifter i Murcia ( Spania) og La Rochelle ( Frankrike).
2009.06.10 av Martin Sandal [Les meir...]
Frå Isle of Man til Stryn

Isle of Man

Stryn vidaregåande skule får besøk av 12 elevar og 4 lærarar frå helse- og sosialfag ved Isle of Man College frå 2. - 5.april.

Elevane har gleda seg lenge til stryneturen. For å kunne dekke reisa for så mange deltakarar har dei samla inn pengar. På bildet ser vi elevar, lærarar og nokre til på ei slik innsamlingsrunde når dei gjekk frå Douglas til Peel for å samle pengar.
2009.06.10 av Martin Sandal [Les meir...]
Internasjonal konferanse i Stryn
education and culture

16. - 19- september skal Stryn vidaregåande skule vere vertskap for ein internasjonal konferanse.
Skulen er ein av fire europeiske skular som er med i Comenius-prosjektet "THE CHANGING OF THE WORLD OF WORK".
Stryn vidaregåande skule har fått økonomisk støtte frå SIU til eit samarbeidsprosjekt som starta i 2006, og skal vare fram til våren 2009.

Les meir om prosjektet og konferansen her
Program for konferansen finn du her
2009.06.10 av Martin Sandal [Les meir...]
Stryn vgs får ros for internasjonal satsing
EU-flagg

Rådgjevar for ungdom og internasjonalisering i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Roger Kløvtveit rosar Stryn vidaregåande skule for skulen si satsing i Alfaz del Pi, Spania.

Les meir her
2009.06.10 av Martin Sandal [Les meir...]
Engelsk rektor på besøk i Stryn

Rektor ved vår samarbeidsskule i England, London Nautical School, Mr G. Wilson er på reise i Nordfjord. Riktignok er han i Nordfjord på ferie, men eit besøk innom skulen vår tek han seg tid til. Tidlegare i vinter hadde vi besøk av to idrettslærarar frå samme skule. Elevar og lærarar frå Stryn har òg vore på besøk i London.

2009.06.10 av Martin Sandal [Les meir...]
ANSA
ansa_logo

ANSA inviterer til temakvelder i Bergen den 28. og 29. november. Utdanningsmulegheiter og søknad til Canada, USA og Storbritannia står på agendaen.
2009.06.10 av Martin Sandal [Les meir...]
16100 Euro til nytt Leonardo da Vinci prosjekt
education and culture

Stryn vidaregåande skule har fått 16100 Euros i økonomisk støtte til eit nytt Leonardo da Vinci prosjekt i Spania.

2009.06.10 av Martin Sandal [Les meir...]

Kontaktinformasjon / Contact information
Koordinator for internasjonalisering
Coordinator for European Projects

Johanne Elisabett Sørdal
Informasjons- og oppdragsleiar
Telefon/telephone: +0047 57 83 48 06
Mobil/cellphone: +0047 475 30 801 / +0047 917 24 301
Epost/email: johanne.elisabet.sordal@sfj.no

 

Stryn vidaregåande skule