Stryn vidaregåande skule
Hoven Loen september 2017  Foto: Silje Reed, Stryn vidaregåande skule

Dugnad for auka kompetanse: Forskingsprogram reiseliv

Korleis kan vi utvikle næringane på ein måte som gjer at også velutdanna ungdom frå vårt fylke kan finne interessante arbeidsplassar? spør fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim i denne kronikken.

Reiseliv er den raskast veksande næringa i verda. Også i Norge og i Sogn og Fjordane merkar vi denne veksten. Berre overnattingsinntektene til hotella på Vestlandet har auka frå rundt 2,5 milliardar til rundt 4 milliardar kroner sidan år 2000. Då kjenner vi ikkje detaljar frå transport, varehandel, servering og andre som har gode effektar av fleire reisande.

Samstundes blir reiselivsnæringane skulda for å sysselsetje mest utanlandsk arbeidskraft og elles ha tilsette med låg formalkompetanse. Korleis kan vi utvikle næringane på ein måte som gjer at også velutdanna ungdom frå vårt fylke kan finne interessante arbeidsplassar?

Jan Heggheim, direktør for næring, på Tiltakskonferansen i 2011. Med mikrofon framfor ein sal. Foto: Arne Monrad Johnsen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

I 2013 gjekk fleire offentlege institusjonar saman om å skape programmet «Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet», heretter «Forskingsprogram Reiseliv». Dette var eit skikkeleg løft, for det meste finansiert med regionale midlar, over 20 millionar kroner over ein femårsperiode. Fleire av dei fremste reiselivsverksemdene er med: Fjord1, Hotel Alexandra, Aurland Ressursutvikling, Knutholmen i Kalvåg. Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane er også med. Målet var todelt: Forskingsprosjekt som næringslivet ser nytte i, og eit masterstudium ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Masterstudium. Høgskulen i Sogn og Fjordane (no HVL) har hatt studium i reiselivsleiing sidan 1984. I 2017 vart det i tillegg utvikla eit bachelorstudium i opplevingsbasert reiseliv. Skal vi ha håp om å behalde ungdommen, må vi ha eit tilbod som er nært. 1 av 5 som reiser ut for å studere, kjem tilbake. 4 av 5 som tek utdanning her i regionen, blir verande. Med eit masterstudium vil vi vere i stand til å tilby eit heilt utdanningsløp. Dette er truleg viktigare enn dei fleste innser. For å få til dette, må vi mellom anna auke den såkalla publiseringsgraden. Difor:

Relevant forsking. Desse åra er det gjennomført ei rekkje forskingsprosjekt som betyr mykje for verksemdene som lever av at andre får opplevingar i verdsklasse: Kva er eigentleg verdien av store arrangement? Kan det tenkjast at eit landsrenn på Ullsheim har like stor verdi som eit World Cup-arrangement i Oslo? Medfører dei nye, stillegåande og spesialdesigna båtane på Nærøyfjorden auka betalingsvilje og opplevingar? Kva er konsekvensen av nye, digitale medium? Kva må skianlegga gjere for å overleve klimaendringane, kor fort vil dei merke endringane? Fjellet trekkjer til seg fleire, både røynde og urøynde. Korleis førebygge skader og ta seg av tryggleik med ny tilstrøyming? Korleis bygge merkevare med utgangspunkt i eit privat, kjedelaust hotell?

Dette er berre nokre få spørsmål, men interessa frå næringslivet og media understrekar at dette er relevante spørsmål. Og publiseringsgraden aukar, arbeidet vert verdsett.

Dugnad er kjekt, og det hjelper!

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur

Publisert 20. juli 2018 Oppdatert 20. juli 2018 av Runar Bjørkvik Mæland

Tips ein ven Skriv ut