Stryn vidaregåande skule
Fagdag Entreprenørskap   Foto: Stryn vidaregåande skule

Fagdag Entreprenørskap Foto: Stryn vidaregåande skule

Fagdag med Entreprenørskap og samfunnsansvar på timeplanen

Elevar frå Bygg- og anlegg, Service og samferdsel og Entreprenørskapsfaget var deltakarar på fagdagen. Samfunnsansvar, IA-bedrift og svart arbeid var hovudtema. Ordførar Sven Flo opna fagdagen. 

 

Nytenking og verdiskaping

Ordførar Sven Flo og Geirmund Dvergsdal skisserte Stryn sitt behov for innovasjon, utvikling og fagkompetanse i framtida.    

Entreprenørskap i utdanninga er eit samspel mellom mange aktørar. Ungt Entreprenørskap står i eit dynamisk møtepunkt mellom offentlege og private verksemder og mellom utdanning, arbeids- og næringsliv. Gjennom arbeidet med ungdomsbedrifter opplever elevane ein realistisk læringsarena der dei kan prøve ut teori i praksis, og dermed hauste verdifull erfaring. Dette samspelet mellom dei ulike samfunnsaktørane er det unike med Ungt Entreprenørskap. Samarbeid mellom skule og arbeids- og næringsliv gir læringa meining, det byggjer bru mellom teori og praksis og bidreg til å auke kreativiteten og kvaliteten i undervisninga.

 

Tips ein ven Skriv ut