Briksdalen Vg1 studiespesialisering  Foto: Per Ingebrigt Karbø

Briksdalen Vg1 studiespesialisering Foto: Per Ingebrigt Karbø

Frå Jettegryta på Visnes til Briksdalsbreen

Geografiekskursjon for Vg1 studiespesialisering med Per Ingebrigt og Hans Petter.

Frå Jettegryta på Visnes til Briksdalsbreen

1 STA og 1 STB var torsdag 14.juni på den årlige geologiekskursjonen. I Stryn er vi så heldige å vere midt i ei lærebok i naturgeografi, som viser  korleis isbre og vatn har forma det verdskjente landskapet i Nordfjord og på Sunnmøre.  Vi kan følgje landformer laga frå isbreen trakk seg tilbake for 15 000 år sidan. Vi starta turen  ved den kjempestore jettegryta inntil riksvegen på Visnes, danna under siste istid. Denne jettegryta er truleg ca. 15000 til 20 000 år gamal . Turen avsluttast på den ferske 1997 morena som breen dytta fram i Briksdalen under framrykkinga på 1990 talet. Etter det har Briksdalsbreen trekt seg tilbake over 400 meter.  

Hans Petter Galtung  ga oss også ei grundig innføring i korleis lokalt næringsliv tek utgangspunkt i dei naturgitte ressursane, mens Per Ingebrigt Karbø hadde jobben som innpiskar ut og inn av den store to etasjars bussen til Joar Strand.   No er alle elevane på studiespesialiserande klare til eventuell munnleg eksamen  i geografi!

Tekst: Per Ingebrigt Karbø

Tips ein ven Skriv ut