Stryn vidaregåande skule
Foto: Sergey Ashmarin/Wikimedia Commons

Foto: Sergey Ashmarin/Wikimedia Commons

Fv. 60 open for køyretøy opptil 15 meter

Fv. 60 i Utvik er no opna for kontinuerleg kolonnekøyring for bilar inntil 15 meter. Vogntog kan ikkje passere, men bussrutene går tilbake til ordinære ruter.

– Det er gledeleg at vi allereie er komne så langt i arbeidet at vi har ei løysing også for delar av næringslivet i Nordfjord. Eg er nøgd med at vi mest sannsynleg kan opne hovudvegen att for normal ferdsle raskare enn vi trudde, seier fylkesdirektør for samferdsle Dina Lefdal. 

Bussrutene over Utvikfjellet går no tilbake til normale ruter. Du kan halde deg oppdatert på statusen for kollektivtrafikken på kringom.no.

Styrt trafikkavvikling

Vegen er no å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor styrt trafikkavvikling og ledebil. Bilistane må rekne med ventetid på inntil 1 time.

– Vi har no fått tilstrekkeleg oversikt over skadar, og fått utbetra det som er nødvendig for at vi kan setje på tyngre trafikk. Det er mykje skadar på vegen over Utvikfjellet i tillegg til skadane i området rundt bruene. Det er skadar som svekkjer bæreevna til vegen. Dette har vi no kontroll over og kan setje på tyngre og lengre køyretøy, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

I starten kan skiltinga vere noko misvisande einskilde stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt på plass.

Kontaktperson i Statens vegvesen

Svenn Egil Finden
avdelingsdirektør vegavdeling Sogn og Fjordane
951 48 614

Kontaktperson i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dina Lefdal
fylkesdirektør for samferdsle
957 00 813

Publisert 11. august 2017 Oppdatert 11. august 2017 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

Tips ein ven Skriv ut