Foto: Stryn vgs

Foto: Stryn vgs

Lavast fråvær i landet

Elevane i Sogn og Fjordane er pliktoppfyllande og har lågast timefråvær i landet. Det er òg færrast elevar som sluttar i Sogn og Fjordane.

  Publisert 05. juli 2017 Oppdatert 05. juli 2017 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

Utdanningsdirektoratet har lagt fram førebelse fråværstal for skuleåret 2016–17. Sogn og Fjordane er fylket med klart best resultat.

Jobbar systematisk med kvar enkelt

– Vi har over fleire år no arbeidd systematisk med å redusere fråværet til elevane. Skulane jobbar godt med å følgje opp kvar enkelt elev. Som i resten av landet har fråværet gått ned etter at fråværsgrensa blei innført. Samstundes er reduksjonen her lågare enn i mange andre fylke, noko som truleg har samanheng med vi har hatt lågt fråvær også tidlegare år, seier konstituert fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Medan timefråværet i Sogn og Fjordane er det lågast i landet, er heildagsfråværet om lag som det nasjonale snittet. Det typiske fråværet er tre dagar og seks timar per elev. Statistikken fortel kor mykje fråvær elevane vil få ført på vitnemålet sitt for inneverande skuleår.

Få elevar sluttar

Skuleåret 2016–17 slutta 2,3 prosent av elevane på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Dette er lågaste av alle fylka, og nasjonalt slutta 4 prosent av elevane. Talet elevar som sluttar er redusert betydeleg dei siste seks åra. Samstundes er det i år ein liten auke i talet sluttara i Sogn og Fjordane, tilbake til nivået for to år sidan.

– Dei tilsette på dei vidaregåande skulane er tettare på elevane enn nokon gong. Når eleven står i fare for å slutte, blir det sett i verk tiltak for å hjelpe han eller ho, seier Skinlo.

Det er enno for tideleg å seie noko om korleis fråværsgrensa påverkar i kva grad elevane sluttar.

Les meir på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
assisterande fylkesdirektør for opplæring
tor-einar.holvik.sukinlo@sfj.no
958 39 029

 

Tips ein ven Skriv ut