Fylkesordførar Jenny Følling og rektor Anders Bruvoll Foto: Stryn vgs

Fylkesordførar Jenny Følling og rektor Anders Bruvoll Foto: Stryn vgs

Nasjonalt fokus på Stryn vidaregåande skule

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen stod for den offisielle opninga av landslinja i skiskyting i går. Fylkesordførar Jenny Følling samt ei rekkje andre prominente aktørarar, lærarar og elevar var med på å sette ei flott ramme rundt arrangementet.

– Som fylkesordførar er eg stolt av å stå her i dag i vakre Stryn, og vere med på opninga av eit nytt studietilbod som kan bidra til at vi også i framtida kan dyrke fram skiskyttartalent i verdstoppen, fylkesordførar Jenny Følling under opninga 22. august.

Lange tradisjonar for vinteridrett

Stryn kommune har engasjert seg sterkt for å få på plass landslina i skiskyting, og fylkeskommunen har støtta arbeidet. Fylkeskommunen måtte gjennom fleire søknadsrundar før løyvinga på statsbudsjettet vart ein realitet i år.

Plasseringa er ikkje tilfeldig. Stryn har lange tradisjonar for vinteridrett og skiskyting, brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø er begge i verdstoppen med ski på beina og børse på ryggen.

– Gode rollemodellar og nokon å strekke seg etter, er særs viktig i idretten. Og med to verdsmeistrar i skiskyting frå Stryn, så er forbilda på plass, slo Følling fast.

Dei ti beste i landet

Det er ti elevar som i no startar skulekvardagen sin på den nye landslina. Det er unge, lovande skiskyttartalent, dei ti beste kandidatane frå heile landet. Fylkesordføraren oppmoda elevane om å ta godt imot hybelbuarar og ta vare på kvarandre.

– Fyrste skuledag på ein ny skule og på ein ny stad kan vere både spennande og tøft, og då er det godt å vite at det er fleire i same båt. Ta godt vare på kvarandre, og hugs at eit smil kan bryte barrieren, og dessutan er det heilt gratis, sa ho.

Les heile talen til fylkesordføraren her.

Publisert 22. august 2017 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

Tips ein ven Skriv ut