Ungdomspolitisk utval 2018/2019, f.v. Mari Dale Salbu, Lisa Horpen, Kamilla F. Rivedal, Thor Albrektsen og Amila Adzemovic. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune / Guro Høyvik.

Ungdomspolitisk utval 2018/2019, f.v. Mari Dale Salbu, Lisa Horpen, Kamilla F. Rivedal, Thor Albrektsen og Amila Adzemovic. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune / Guro Høyvik.

Nytt ungdomspolitisk utval

Fylkesting for ungdom 2018 har valt nytt ungdomspolitisk utval for 2018/2019. Kamilla F. Rivedal er valt til ny leiar.

Publisert 08. april 2018 Oppdatert 09. april 2018 av Guro Høyvik

Ungdommar frå heile fylket har vore samla på Skei denne helga for å delta på fylkesting for ungdom, ungdommen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. Ungdom frå ungdomsråd og kommunar i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og polistiske ungdomsparti deltok på tinget. Fylkesting for ungdom har mellom anna valt nytt ungdomspolitisk utval, som skal arbeide på vegne av FFU fram til neste tingsete.

Ungdomspolitisk utval 2018/2019

  • Leiar: Kamilla F. Rivedal, 17 år, Askvoll kommune
  • Nestleiar: Lisa Horpen, 16 år, Årdal kommune
  • Medlem: Thor Albrektsen, 17 år, Flora kommune
  • Medlem: Mari Dale Salbu, 17 år, Hyllestad kommune
  • Medlem: Amila Adzemovic, 17 år, Vågsøy kommune

Ny leiar
Kamilla F. Rivedal, ny leiar i ungdomspolitisk utval, gler seg til å ta fatt på oppgåva: - Eg er veldig takksam for å få tillit som leiar av UPU. Eg trur at dette utvalet vil fungere godt ilag, og at det komande året vil være lærerikt og utfordrande. Fylkesting for ungdom har gitt oss mange gode og viktige saker å arbeide med.

Fråsegner
Fylkesting for ungdom har vedteke fleire fråsegner denne helga, mellom anna om psykisk helse, yrkesfag og regionreform. Referatet frå fylkesting for ungdom 2018 med dei vedtekne fråsegnene vert lagt ut på fylkeskommunen sine nettsider så snart det er klart.

Om ungdomspolitisk utval
Ungdomspolitisk utval (UPU) er arbeidsutvalet til fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane (FFU). UPU følgjer opp vedtak gjort av fylkesting for ungdom og rapporterer til FFU om måten dei har følgt opp vedtaka sidan førre fylkesting for ungdom. UPU skal fungere som referansegruppe i arbeidet med fylkeskommunale planar og saker som gjeld barn og ungdom. UPU står for planlegging og gjennomføring av ei årleg nettverkssamling for ungdomsråda i kommunane og det årlege fylkestinget for ungdom.

Fylkesting for ungdom 2018

Meir informasjon

Kamilla F. Rivedal
leiar, ungdomspolitisk utval
e- post: ungdomspolitiskutval@sfj.no
mob: 48281461

 

Guro Høyvik
rådgjevar
nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: guro.hoyvik@sfj.no
mob: 415 30 608

Tips ein ven Skriv ut