standard_michelangelo

"Språklege forvandlingar"

I "Språklege forvandlingar" torsdag 22.mars får Vg3 elevane møte den erfarne omsetjaren Jon Rognlien og prøve seg på både filmteksting og litterær omsetjing.

Vi les stadig omsette tekstar,  i rettleiingar, i aviser og på nettsider. Vi les tekstingar i filmar og TV-seriar og ikkje minst les vi omsette tekstar i litteraturen.

Men tenkjer vi eigentleg over kva som skjer når eit meiningsinnhald blir overført frå eit språk til eit anna?

Kulturhistoria viser oss ei rekkje døme på omsetjingsfeil som har fått stor betydning, og som understrekar at ei omsetjing aldri kan vere objektiv: Dei er utførte av menneske med eigen personlegdom, med eigne tankar og verdiar.

I denne verkstaden får elevane møte den erfarne omsetjaren Jon Rognlien og prøve seg på både filmteksting og litterær omsetjing. Elevane skal tekste utdrag frå ein TV-serie, finne eigne løysingar og diskutere grunnleggjande spørsmål knytt til språk.

Innsikt i omsetjing kan vere interessant, nyttig og inspirerande i mange fag  – norsk og framandspråk, samfunnsfag, mediefag, musikk og drama. 

Lærarrettleiing

Produksjonen kan forankres i:

• Norsk
• Engelsk
• Framandspråk
• Medie- og informasjonskunnskap. Valgfrie programfag – programområde; språk, samfunnsfag og økonomi
• Medier og kommunikasjon. Yrkesfagleg studieretning. Religion og etikk.

Detaljert kjøyreplan

1) Banning på norsk og engelsk – skilnad i kultur.
2) Moses med horna – CORNUTO-omgrepet – Minotaurus.
3) Big Bang Theory –  filmklipp med engelske tekstar
            Tekstark med forklaring av nokre uvanlege ord  – grupper på 3-4 elever.
            Innlevering av oversettetjingar.

PAUSE – 20 minutt

 4) Filmklipp med elevane sine eigne Big Bang Theory-tekstar.
            Diskusjon rundt ulike variantar.
            Eksempel på kva ei maskinoversetjing gjer med dei same tekstane

5) Dei første omsetjingane – dragomannane – Septuaginta -  Bibelen/Koranen.
6) Oversetjingsfeil som forandra verdshistoria: Moses – Hiroshima – Pederasta/Pedofil.

Nedst på sida finn de videosekvensen (The Big Bang Theory) elevane skal arbeide med - 2.27 minutt. (Her i ein annan versjon med spansk tekst. Den som blir brukt i produksjonen har først engelsk tekst, deretter norsk tekst laga av elevane.)

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Jon Rognlien
  • Idé/ opplegg: Jon Rognlien

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Jon Rognlien er fødd i 1960 i Oslo. Han har teksta filmar, omsett teikneseriar og bøker, og vore litteraturkritikar og kommentator i Dagbladet. Han publiserer også stadig i Klassekampen, Vinduet og Prosa. Rognlien har hovudfag i italiensk språk og litteratur frå UiO. Han har undervisningserfaring frå grunnskule og vidaregående skule, har undervist ved UiO og på ei rekkje kurs og seminar både i Noreg og Italia. 

http://oversetterforeningen.no/medlemsoversikt/?medl_nr=288

 

Tips ein ven Skriv ut