Stryn vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Service og samferdsel
Tre elevar frå service og samferdsel studerer kart

Foto: Reed Foto AS

Service og samferdsel

Dersom du vel Service og samferdsel kan du være sikker på ei trygg og allsidig utdanning som opnar for ei rekkje spennande karrieremulegheiter. 

På utdanningsprogrammet Service- og samferdsel tilbyr Stryn vidaregåande skule følgjande programområde:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Éin ting er sikkert

Valet du snart skal ta vil få stor innverknad på utdanninga di, og ikkje minst på kva du kjem til å arbeide med som yrkesaktiv i åra framover. Dersom du vel Service og samferdsel kan du være sikker på ei trygg og allsidig utdanning som opnar for ei rekke spennande karrieremulegheiter.

Verda er stor

Vg1 Service og samferdsel gir deg ein smakebit innanfor heile 8 yrke. Yrke der kommunikasjon og tillit står i høgsetet. Enten du er vektar eller seljar, arbeider med IKT eller logistikk. Evna til å kommunisere med menneske – også frå andre kulturar – er viktig å tileigne seg. Med Service og samferdsel skaper du deg ein brei horisont og tilpassar deg krav som ikkje berre vert stilt i Norge, men som gjer deg attraktiv i heile Europa.
Studiet er lagt opp til at du sjølv vel den vegen mens du går. I løpet av  Vg1 får du ein smakebit på 8 yrke. På Vg2 kan du velge retning, og på Vg3 spesialiserer du deg. Slik unngår du å hoppe i noko du ikkje riktig veit kva er, og du kan være sikker på å ende opp som en spesialist i ditt fagområde etter fullført utdanning.

Les meir om Service og samferdsel og mulegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: service og samferdsel

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Johanne Elisabett Sørdal
Avdelingsleiar yrkesfag
johanne.elisabett.sordal@sfj.no
917 24 301

Relaterte lenker