Den kulturelle skulesekken Sunniva

Den kulturelle skulesekken Sunniva

Sunniva

Fredag 6.april synte Den kulturelle skulesekken danseframstillinga Sunniva for Vg2 elevane. Kl. 11.00 for ST og kl 13.00 for YF.

Her er DKS sin beskrivelse av opplegget:

Ein danseproduksjon som reflekterer kring tema i legenda om St. Sunniva og dei mange notidige assosiasjonane den vekker i oss.  I følgje legenda reiste Sunniva frå heimlandet sitt, og la ut i det ukjende for å kunne halde fram i trua på Gud. Ho var villig til å døy for trua si.

Kva fortel det oss i dag?

Kva vil det seie å vere einspora, ja så einspora at du ønskjer forfølgje dei som tenkjer annleis enn deg? Kva om det finst fleire sanningar? For kven har makt over deg? Og kva er du villig til å ofre livet ditt for? 

Det er lett å sjå likskapen mellom Sunniva si farefulle reise frå Irland til Noreg, og hendingar vi kjenner frå vår eiga tid. Vi er heller ikkje framande for ordet martyr. Og kva med vår tid sine falske nyhende? Er det skilnad på det og den propaganda presteskap og kongsmakt nytta for å samle Noreg til ei tru og eit rike?

(http://sff.ksys.no/produksjon/1059309)

Tips ein ven Skriv ut