Stryn vidaregåande skule
Hoven Loen Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Hoven Loen Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Velkommen til Stryn vidaregåande skule!

 

Vi ønskjer elevane på Vg1, Vg2 og Vg3 velkommen til nytt skuleår! Skulestart mandag 21.august med oppmøte kl. 0900 i Kantina på Stryn vidaregåande skule!

 

Gratulerer med tilbod om skuleplass ved Stryn vidaregåande skule! Første skuledag vert mandag 21.august Alle elevar møter kl 0900 i Kantina på Stryn vidaregåande skule. Dersom du ikkje kan møte må du gi beskjed til skulen snarast råd.

Sentralbord

Telefon 57 63 86 00

E-post til postmottak

postmottak.strynvgs@sfj.no

 

Dersom du ikkje har elevplass

Frå 14. august tek skulen over inntaket. Du kan ta kontakt med skulen og be om å bli sett på venteliste til eit tilbod du ikkje har søkt, eller takke ja til ein ledig plass. Alle med ungdomsrett har rett på eit tilbod dei har søkt, men retten er ikkje knytt til ein bestemt skule. Målet er at alle skal ha ein skuleplass til skulestart, men arbeidet med å skaffe skuleplass held òg fram etter skulane har starta.

 Sjå skuleruta for skuleåret 2017-18.

 

 Elev-pc

Alle Vg1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå skulestart. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ordning for Vg1-elevar ved dei offentlege vidaregåande skulane om kjøp av elev-pc.

Les alt om ordninga, sjå modellane, og registrer deg i nettbutikken på sfj.no/elevpc


Lånekassen

Du kan søkje støtte frå Lånekassen når du har fått skuleplass og har takka ja til den.

Les meir på Lånekassen sine nettsider om støtte til vidaregåande opplæring


Skuleskyss

Dersom avstanden mellom heim/hybel og skule er 6 km eller meir har du rett på skuleskyss. Som elev ved vidaregåande skule skal du kvart år søkje om skuleskyss.

Har du allereie skuleskysskort frå vidaregåande skal du bruke det same kortet til hausten. Du må likevel søkje om skuleskyss før kvart skuleår.

Slik søkjer du om skuleskyss:

Logg inn på Vigo

Svar Ja på spørsmålet om skuleskyss innan 1. august.

Etter 1. august kan du ta kontakt med www.skuleskyss@sfj.no eller skulen for å søke om skuleskyss. Du er registrert med di adresse frå folkeregisteret. Dersom du bur på hybel og har rett på skuleskyss, ta kontakt med skulen.

Skuleskyssreglementet finn du på kringom.no skuleskyss.


Lån og Stipend

Etter du har fått stadfesta skuleplass kan du gå inn på www.lanekassen.no og søke. Du må ha MinID for å kunne søke. Hugs at alle som søkjer får utstyrsstipend!

 
Informasjon i Fronter og på nett

Ved skulestart vil du få log-in til datanettverk og Fronter. Der vil du finne fagplanar, timeplanar og beskjedar som vil vere viktig for din skulekvardag. Her kan du også kommunisere med lærarane dine. Både lærarar og du som er elev har plikt til å følgje med i Fronter.

Fronter og andre innloggingar finn du via Stryn vidaregåande skule si nettside, www.stryn.vgs.no

Du som elev er ansvarleg for å halde deg fagleg (og daglig) oppdatert på oppgåver, lekser og beskjedar som vert gitt i Fronter.
 

Elevtenester

På skulen si nettside finn du nyttig informasjon om kvar du skal henvende deg  dersom du treng råd og rettleiing eller treng nokon å snakke med om personlege saker eller helse.

Elevtenester

Drømmeskolen

 

Foreldremøte:

Det vert foreldremøte for foreldre og elevar både på Vg1, Vg2 og Vg3.

Invitasjon kjem via skulen si nettside, Facebook og e-post.

 

Vi gler oss til å møte deg – og vil med dette ønskje deg velkommen til eit nytt skuleår!

 

Tips ein ven Skriv ut