Stryn vidaregåande skule

115 tok imot fag-, sveine- og meisterbrev i fylket


Eg er stolt og glad fordi de, med dykkar val av utdanning, vert fagfolk innan yrke som vi treng i Sogn og Fjordane, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes. -
De er kjempeviktige for framtida til dette fylket, for utan dykkar kompetanse er ikkje Sogn og Fjordane eit fylke som kan tilby fullstendige tenestetilbod.
Det var festkveld for fagutdanninga i fylket då 240 personar var samla i Loen under årets utdeling av fag- sveine- og meisterbrev 28.mars. Seks personar tok meisterbrev i Sogn og Fjordane i 2013.

- Eg er stolt og glad fordi de, med dykkar val av utdanning, vert fagfolk innan yrke som vi treng i Sogn og Fjordane, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes. - De er kjempeviktige for framtida til dette fylket, for utan dykkar kompetanse er ikkje Sogn og Fjordane eit fylke som kan tilby fullstendige tenestetilbod.

526 representantar for 62 ulike fag var inviterte til fag-, sveine- og meisterbrevsutdelinga. Dei fleste har avvikla praktisk prøve i løpet av 2013 eller i starten av 2014.


Kompetanse som opnar nye dører
Seks personar tok meisterbrev i Sogn og Fjordane i 2013. Utdelinga vart leia av assisterande fylkesdirektør for opplæring Tor Einar Holvik Skinlo. Hovudtalar var fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

- Det er noko heilt spesielt å stå med eit fag- eller sveinebrev i handa, sa Kjelsnes. - Eg veit det, for eg har opplevd det sjølv i vaksen alder etter mange år utan bevis eller godkjenning på mi erfaring som kontormedarbeidar. Gleda over å stå med fagbrevet i handa er heilt spesiell, og formell kompetanse opnar nye dører.

Holger Aasen i NHO Sogn og Fjordane og Kari Daltveit frå LO Sogn og Fjordane hadde begge helsingar til kandidatane. Holger Aasen stod for sjølve utdelinga av fag-, sveine- og meisterbreva.

Elevar frå musikklinja ved Firda vidaregåande skule sto for underhaldninga. Lærar Øystein Eide leia elevgruppa og elevane framførte eit breitt spekter av musikkinnslag på ein framifrå måte.

Bilete av kandidatane
Det er teke bilete av alle faggruppene som var representerte på utdelinga. Dei som vil ha tilsendt bilete på e-post kan få det ved å sende e-post til
elisabeth.ask@sfj.no eller ved å ringje eller sende SMS til 415 30 991. Hugs å gje opp kva fag det gjeld.

Fylkesordføraren sin tale ved utdeling av fag- og sveinebrev, hotell Alexandra 28.03.14


For meir informasjon:
Elisabeth Ask
førstekonsulent, opplæringsavdelinga
tlf.: 415 30 991
e-post:
elisabeth.ask@sfj.no


Publisert av: Ingvild Ramstad
Dato: 11. april 2014 - kl. 12:12
Tips ein ven Skriv ut