Stryn vidaregåande skule

500 lærlingar er inviterte til lærlingsamlingar


Fylkeskommunen arrangerer årleg lærlingsamlingar i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årets samlingar er 11., 12. og 13. februar. Alle som teikna lærekontrakt i 2013, om lag 500 lærlingar og lærekandidatar, er inviterte til samlingane.
Fristen for å melde seg på er 1. februar.
Lærlingane får innføring i tema som er aktuelle for dei, som rettar og plikter, både i samband med opplæringslova og i forholdet deira til arbeidsgjevar.

Arbeidsgjevarar er med
På samlinga i Førdehuset 11. februar deltek Leif Arne Åsen, dagleg leiar i Åsen & Øvrelid, som representant for arbeidsgjevarane. Samlinga i Nordfjord vert på Eid vidaregåande skule 12. februar, og her deltek fabrikksjef Knut Ove Rygg ved Ekornes Grodås. I Sogn vert samlinga på Vesterland feriepark på Kaupanger 13. februar. Frå arbeidsgjevarsida kjem personalsjef Trude Ramstad ved Lerum fabrikker.

I tillegg til arbeidsgjevarsida, deltek fagleg ungdomssekretær i LO, Michelle Walmann, på alle samlingane. Ho vil ta føre seg løn og avtalar for fagarbeidarar, og ho vil i tillegg snakke ein del om temaet svart økonomi.

Elev- og lærlingombodet kjem
Fylkeskommunen legg opp til ein allsidig og variert dag for lærlingane. Elev- og lærlingombod, Venke Nordeide, orienterer om arbeidet sitt når det gjeld eventuell problemløysing i læreforholdet. Statens vegvesen deltek med ein bolk om trafikktryggingsarbeid, med vekt også på det å køyre firmabil.

Den kulturelle skulesekken bidreg med eit kulturelt innslag ved musikar Askil Holm, kjend for blant anna «Halleluja-suksess» saman med Kurt Nilsen, Espen Lind og Alejandro Fuentes.

Meir informasjon og fullstendig program.

Meld deg på samling på denne lenkja.

Fristen for å melde seg på er 1. februar.

For meir informasjon
Knut Grinde
tlf. 57 65 62 17
e-post: knut.grinde@sfj.no