Stryn vidaregåande skule
Treningssamling på Beito   Foto: Sjur Ole Svarstad

Treningssamling på Beito

15. september 2019

Elevane på landslinja i skiskyting har vore på treningssamling på Beito. Før dei reiste hadde dei ein knalltøff løpsintervall. Ein flott 3-timerstur frå Bygdin til Beito var ein del av treningsopplegget, med høgste punkt var Bitihorn, 1607 meter!

Elevar på Kåre Roseths plass

Ungdom frå Sogn og Fjordane toppar statistikkane

15. september 2019

Elevane og lærlingane i Sogn og Fjordane er best i landet på å gjennomføre vidaregåande opplæring både på studiespesialisering og i yrkesfag.

Norske flagg

Flotte prestasjonar på UM i friidrett 2019

15. september 2019

Steffen Melheim vann diskos og slegge og tok bronse i kule og spyd. Malin  Riise Gran leverte årsbeste på 100 m, og Joanna Kveen Øvre-Flo tok ein flott 6 plass i lengde. Steffen og Malin er elevar på Service og samferdsel, Joanna på studiespesialiserande. Vi gratulerer! 

Foto: Måløy vidaregåande skule

Rekordmange har fått læreplass

06. september 2019

Aldri har så få stått utan læreplass i september. Likevel har vi utfordringar i helsearbeidar- og elektrikarfaget.

Medaljevinnarne i kule U20 under junior-NM i Sigdal. Steffen Melheim i midten tok eit relativt klart gull i konkuuransen

Gull i kule og sølv i diskos!

26. august 2019

 Vi gratulerer Steffen Melheim (i midten på bildet)  frå Olden og er elev på Service og samferdsel på Stryn vidaregåande skule med fantaisk resultat frå junior-NM, U20i friidrett i Sigdal!

 

Logo Stryn vgs

Velkommen til foreldremøte

22. august 2019

Vi inviterer til foreldremøte for Vg3 torsdag 12.september kl 18. Oppmøte i Auditoriet.

James Bond   Foto: Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken - "James Bond"

01. september 2019

Dette stykket er ein scenisk versjon av den ikoniske filmen GoldenEye. Det er laga som teikneserieteater, ei leiken og actionfylt uttrykksform full av humor, harselas og kjende referansar.

​Onsdag 4.september:  YF kl. 10 og ST kl. 13

1STA og 1STB på tur til Sagedammen   Foto: Maria Storevik

Bli kjent tur til Tverrfjellet

28. august 2019

Elevane på Vg1 Studiespesialisering har vore på tur til Dagsturhytta og badedammen på Tverrfjellet. Fin måte å bli betre kjent på, og sprek gjeng der alle kom opp og nedatt til avtalt tid!

Geiranger Sjokolade   Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Fagdag i Geiranger

26. august 2019

Sist veke var Service og samferdsel klassane til Geiranger. Geiranger som reisemål var hovudagendaen for dagen der ulike aktørar bidrog med fagstoff. Elevane fikk også oppleve å vere både guidar og turistar.

Bli kjentdag 23.august 2019   Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Vellykka Bli kjent dag

23. august 2019

Ulike aktivitetar inne og ute, grilling og svelesteiking. Nok ein vellykka Bli kjent dag i regi av miljøkoordinatoren vår, Therese Dispen. Dagen vart avslutta med stemningsfull konsert av Jan Kjetil.