Stryn vidaregåande skule i vårskrud

Velkomen til Stryn vgs - for deg som vil litt meir!

Er du klar for vidaregåande opplæring? Kom til oss! Vi kan tilby eit trygt og inkluderande miljø, flinke tilsette, gode lokale og ei fantastisk kantine. Skulen ligg midt i sentrum i tettstaden Stryn, innerst i Nordfjord. Vi har i underkant av 300 elevar og 60 tilsette.
Elev på standplass på Ullsheim. Foto: Stryn vgs

Vil du drive med skiskyting i skuletida?

Då er Stryn vgs staden for deg! Vi har landslinje i skiskyting, det betyr at søkjarar frå heile landet kan gå på skule her. Vi kan tilby topp treningstilhøve året rundt og svært dyktige lærarar/trenarar.
 Elevmentorane våre skuleåret 2022/2023

Du skal ha det bra på skulen!

Team for elevteneste, miljøkoordinator, elevar og tilsette er alle viktige i arbeidet med å skape eit trygt og godt skulemiljø for den enkelte! Kvar morgon står det nokon i døra og ynskjer deg velkomen. Elevmentorane har aktivitetar i klassane, og det er kjekke temadagar og påfunn i kantina.

Aktuelle saker

08.08.2022

Velkomen til nytt skuleår!

Vi ser fram til å møte både nye og gamle elevar måndag 15. august kl 09!

Uteområde ved Stryn vgs. Foto Stryn vgs
29.06.2022

Elevmentorane for 2022/2023 er ferdig utdanna!

Dei nye elevmentorane våre har no gjennomgått obligatorisk opplæring.

Elevmentorane for skuleåret 2022/2023 et lunsj ute
10.06.2022

"Kraning" av tak til containerhus

Denne veka hadde elevane på vg1 byggfag og vg2 transport og logistikk tverrfagleg samarbeid i praksis.

"Kraning" av tak til containerhus
09.06.2022

Deltaking på Stryn motorfestival

Motorfestivalen gjekk av stabelen 3. - 5. juni.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård bak rattet