Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Vg2 Reiseliv
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter  Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Vg2 Reiseliv

Fylkesdekkande utdanningstilbod på Stryn vidaregåande skule.

Internasjonale karrieremulegheiter

Reiselivsfaget kvalifiserer for mange ulike jobbar innan reiselivsnæringa, blant anna innan luftfart, destinasjonsselskap, aktivitetsturisme, vintersport, reisebyrå, turoperatør og cruiseindustri. Stikkord er kundebehandling, service, marknadsføring, språk, transport og transportformidling.

Med fagbrev innan reiselivsfaget har du heile verda som arbeidsplass! Om du vil – kan du gjennom jobben din få sjå og oppleve fleire delar av verda enn mange andre. Samtidig som du kan hjelpe andre til å oppleve verda på ein god måte og få fine reiseopplevingar, kan du sjølv vere med oppleve verda.

Som resepsjonist er du hotellet sitt ansikt utad og bedrifta sitt hjerte. Du yter service, informerer om lokale og nasjonale attraksjonar og aktivitetar. Du legg også til rette for at gjestane får eit hyggeleg opphald, og gjer alt for at gjestane ønskjer å kome tilbake ved eit seinare høve.

På Vg2 Reiseliv vil ei skuleveke innehalde følgjande fag:  

17 timar felles programfag

9 timar yrkesfagleg fordjuping

9 timar fellesfag – norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving

Grunnleggjande ferdigheiter

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Gerd Flåten Skarstein
Kontaktlærar
476 80 634
 
 
Nordfjord Opplæringskontor
Tom Øyvind Solheim
905 28383

Relaterte lenker

Dokument