Stryn vidaregåande skule
Billedtekst: Ingeborg Lid Berget forskar på matematikk i 2P. Elevane er frå venstre: Nanda Van Kessel, Daniel Rochak Brekke, Mathias Pacheco Valle Grodås og Peter Marquard Frausing.  Foto: Per Ingebrigt Karbø

Billedtekst: Ingeborg Lid Berget forskar på matematikk i 2P. Elevane er frå venstre: Nanda Van Kessel, Daniel Rochak Brekke, Mathias Pacheco Valle Grodås og Peter Marquard Frausing. Foto: Per Ingebrigt Karbø

Korleis skal vi best lære elevane matematikk?

Det lurer Ingeborg Lid Berget frå Høgskulen i Volda på. Ho er i gang med eit storstilt forskningsprosjekt; Undervisning i praktisk matematisk modellering. På Stryn vgs har ho overvaka undervisninga i matematikk 2P i dette emnet  i år og i fjor. 

Ingeborg tek lydopptak av det læraren seier, og noterar aktivitet og  spørsmål  frå elevane. 

I midten av februar skal Ingeborg til ei internasjonal konferanse i Nederland for å legge fram korleis lærebøkene frå Gyldendal, Aschehoug og Cappelen Damm (Stryn vgs)  tek føre seg emnet. Seinare skal ho analysere undervisninga på Stryn vgs og andre skular. All  forskinga skal ende i ei doktorgradsoppgåve planlagd ferdig våren 2022.

Ingeborg har mastergrad i matematikk frå Universitetet i Tromsø. Ho er tidlegare elev ved Vestborg vgs på Stranda, og ho har vore lærar på Ulstein vgs. Ho er gift, har tre born og er 34 år gamal.

Ingeborg er veldig glad for at ho fekk vere med i undervisinga på Stryn vgs, og synest ho har blitt tatt veldig godt i mot ved skulen.

Så ho vil rette ein takk til elevane, og ekstra stor takk til læraren som sleppte henne inn i klasserommet. 

Vi ønsker Ingeborg lukke til med oppgåva og vidare forskning!

Tips ein ven Skriv ut