Stryn vidaregåande skule
Service og samferdsel  Foto: Therese Dispen

Service og samferdsel Foto: Therese Dispen

Utdanningsval 9.klasse

Vi ønskjer 9.klasse elevane i Nordfjord velkommen til hospiteringsdagar 4. og 5.mars

Begge dagane startar kl. 10.00 og avsluttar kl. 14.00

Mandag 4.mars er det oppmøte i Auditoriet ( Bruk hovudinngangen til Kantina)

 

Der blir det ei kort fellesøkt med orientering om dagane, før elevane blir fordelte etter dei utdanningsprogramma dei har meldt seg på.

Tirsdag 5.mars møter de slik dei ulike timeplanane er oppsett for dagen.

Målet for hospiteringsdagane er følgjande;

  • Elevane skal få kjennskap til innhald og arbeidsmåtar innan det utdanningsprogrammet dei hospiterer på

  • Elevane skal få kjennskap til vidare yrkes- og utdanningsvegar

 

Planar for hospiteringsdagane vert publisert før vinterferien og seinast 15.februar

Service og samferdsel

Helse- og oppvekst

Bygg- og anleggsteknikk

Studieføreførebuande

 NB! Skriv ut planane, og ta disse med på skulebesøket

Mat
Hugs å ta med matpakke.
Skulen si kantine er også open. I kantina kan elevane kjøpe seg god og rimleg mat.

Kontaktinformasjon
Om du treng å kontakte nokon ved skulen disse dagane, eller det er noko du lurer på i forkant, så kan du ringe sentralbordet ved skulen.

Telefonnummer:
Sentralbord : 57 63 86 00

Besøksadresse:
Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1

6783 Stryn

Tips ein ven Skriv ut