Stryn vidaregåande skule
Uteområde

Ledige undervisningsstillingar

Vi har ledige undervisningsstillingar for skuleåret 2019-20 innan Helse- og oppvekst, Teknikk- og industriell produksjon, spansk og fysikk. Meir informasjon og direkte til søknadsskjema, yrkesfag og studiespesialisering.

Stryn vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med både yrkesfaglege og studiespesaliserande utdanningsprogram. Stryn vidaregåande skule ligg vakkert til i tettstaden Stryn i indre Nordfjord. Skulen vart samlokalisert i 2007 og har nye og moderne undervisningslokale med om lag 300 elevar og 60 tilsette.  For meir informasjon sjå www.stryn.vgs.no

Undervisningsstillingar på studiespesialiserande utdanningsprogram:

·         Spansk, inntil 50 %  fast

·         Fysikk, inntil 100 % fast. Det er ønskjeleg med kjemi i fagkretsen.

 

Undervisningsstillingar på yrkesfagleg utdanningsprogram:

·         Vikariat inntil 180 % undervisningsstilling Helse og oppvekst, programfag og yrkesfagleg fordjuping, i perioden 01.08.19-31.07.20. Krav: fagbrev som helsefagarbeidar eller tilsvarande formell utdanning innan helse, pleie, omsorg eller spesialhelsetenesta, praktisk pedagogisk utdanning, yrkesfaglærarutdanning , 2 års relevant yrkesfagleg praksis.

·         100 % fast undervisningsstilling Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP), i periooden 01.08.19-31.07.20. Krav: Fagbrev innanfor eitt eller fleire av fordjupingsområda på vg1 eller tilsvarande formell utdanning, praktisk pedagogisk utdanning, yrkesfaglærarutdanning,

      2 års relevant yrkesfagleg praksis.

 

Andre kvalifikasjonar:

·         Fagkompetanse i dei nemnde faga

·         Praktisk pedagogisk utdanning

·         Må beherske norsk som undervisningsspråk

·         Gode digitale ferdigheiter

·         Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar:

Skulen ønskjer å tilsette lærarar med god kompetanse fagleg og pedagogisk. Dei som blir tilsett må vere utviklingsorientert og skape gode relasjonar til elevane. Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og vilje til å utvikle faget i team og i nettverk skulen har etablert til samarbeidande skular og bedrifter. For den som vert tilsett på yrkesfaglege utdanningsprogram er arbeidspraksis i relevante bedrifter er ein del av elevane si opplæring gjennom skuleåret. Arbeidspraksisen skal bidra med kvalifisere eleven til læretid og seinare fagbrev. Den som blir tilsett bør ha god kunnskap om og kjennskap til lokalt og regionalt arbeids- og næringsliv.

 

For stillinga gjeld

o   Løn etter gjeldande regulativ

o   Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

o   Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jfr Opplæringslova §10-9.

 

Nærare opplysningar studiespesialiserande:                   Nærare opplysningar yrkesfag:

Avd.leiar Anita E. Flo, 958 84 282                                       Avd.leiar Johanne E. Sørdal, 917 24 301

anita.elisabet.flo@sfj.n                                                       johanne.elisabett.sordal@sfj.no

 

 

.

 

 

 

 

 

 

 

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no under Ledige stillingar.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

 

Søknadsfrist:

29.mars 2019

 

Direkte til søknadsskjema:

 

 

 
Tips ein ven Skriv ut