Russ med engasjement for psykisk helse: Framme frå v. Oliver Kirkeeide Næss, Bendik Hofseth og Christian Svoren Strand, bak frå v. Silje Fløtre Reed, Mia Lillevik Kjellevold, Maria Grodås, Synne Skrede, Dorthea Kirkeeide Hjelmeland, Marius Reed Hopland, Theresa Blaalid, Kent Ove Sæten og Olav Egset.  Foto: Gunnhild Sindre

Russen engasjerer seg for psykisk helse

Russetid er ikkje berre fest og moro. Strynerussen engasjerer seg også for psykisk helse, og set no i gang ein innsamlingsaksjon.

  Gunnhild Sindre gunnhild.sindre@fjordingen.no

– Vi kjem til å lage ein instagramaksjon, ein bevegelse på Instagram, og dessutan setje opp plakatar og bruke sosiale media elles for å skaffe pengegåver til Mental Helse, først og fremst retta mot lokallaget i Stryn, fortel Marius Reed Hopland og Silje Fløtre Reed frå russen ved Stryn vidaregåande skule.

Det er ikkje første gongen russekullet gjer ein veldedig innsats, dei var også med på innsamlingsaksjonen for kreftforeningen og samla inn store summar då.

Men no engasjerer dei seg på nytt, og denne gongen med psykisk helse i fokus.

– Kvifor startar de denne aksjonen for Mental Helse?

– Mental Helse er kanskje den aller viktigaste organisasjonen for russen no i russetida, seier initiativtakar Silje Fløtre Reed.

– Russetida er ei kjekk, men krevjande tid. Folk blir slitne, og det er ikkje alle synest at russetida er like kjekk, heller. Så er det viktig å ha fokus på psykisk helse og få vekk tabu omkring dette.

Tips ein ven Skriv ut