Stryn vidaregåande skule
Øvelse i Lodalen[1]

Praksisnær øving

Tirsdag kveld var 39 elevar frå klassane 1SEA, 1TPA og 2HAA med som markørar på ei stor fellesøving i Lodalen for redningsetatane. Elevar frå 2HAA stod også for sminking av markørane.

Senario var eksplosjon og brann på MS Kjenndal II på Lovatnet. Alarmen gjekk ca klokka 17 til brannvesen, ambulanse, politi, raude kross og redningshelikopter.
Mange hadde hamna i vatnet, og totalt 20 elevar vart lagde i vatnet med overlevingsdrakter. Ytterlegare 3 vart sett i redningsflåte og 2 dokker vart lagde på botnen.
Eit stort apparat var i sving; båtar henta folk opp frå vatnet, brannvesen kom ombord i MS Kjenndal og det vart oppretta mottak på land. MS Kjenndal vart teken på slep mot land medan redningsaksjonen føregjekk for fullt. Småbåtar gjekk i skytteltrafikk til land, og alle vart evakuert frå både vatnet og MS Kjenndal. Eit redningshelikopter kom til, og nokre av elevane vart lagde i vatnet igjen, heiste opp og frakta til land av dette.

Etter øvinga vart alle samla på Helset. Der måtte det sorterast sko og kle då alle i overlevingsdrakter hadde sko og ytterkle liggande igjen på båten. Det vart servert mat og drikke og brannsjefen takka for oppmøte og innsats.
Elevane gjorde ein god jobb og det vart ytra ynskje om å få dei med ved fleire høve.

Tips ein ven Skriv ut