Stryn vidaregåande skule
lærlingsamling

Lærerikt og kjekt på årets lærlingsamlingar

Rundt 250 lærlingar og lærekandidatar har delteke på årets til saman ni lærlingsamlingar rundt om i fylket. Diskusjonane på samlingane vitnar om at vi har mange reflekterte og dyktige framtidige fagarbeidarar.

Publisert 24. oktober 2019 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

Lærlingsamlingane er ein stad for å ta opp ulike tema som er viktige for både lærlingar og lærekandidatar. Samlingane er eit godt høve for dei å møtast og diskutere tankar om eiga rolle, om arbeidsmiljø og om motivasjon. Mange har tydelege planar og draumar for framtida si.

Mange viktige tema

Fylkesdirektøren for opplæring hadde i år trekt fram temaet psykososialt arbeidsmiljø, om psykisk helse, stressmeistring og velvære på samlingane. Lærlingane fekk konkrete verktøy for stressmeistring å ta med seg vidare.

Elles er temaet rettar og plikter for både lærling og lærebedrift alltid viktig på slike samlingar. Også nokre instruktørar og fagleiarar i lærebedriftene deltok på samlingane, og ved neste høve håpar vi endå fleire av dei melder seg på.

Evalueringa syner at lærlingar opplever samlingane som lærerike og nyttige.

Opplæringkontor, ombod og open skule

Opplæringskontora i fylket er viktige samarbeidspartar og har delteke på alle samlingane. Dei orienterer om forventningar og krav lærlingane og lærekandidatane kjem til å møte i arbeidslivet.

Elev- og lærlingombod Venke Nordeide har også vore til stades på samlingane. Ho opplyste om rolla si, og kva ho kan hjelpe til med, i tillegg til å snakke om arbeidsmiljø, motivasjon, arbeidsglede, tryggleik og tilhøyrsle.

Miljøkoordinatorar på dei ulike skulane har arrangert open skule i samband med lærlingsamlingane, som har funne stad på dei vidaregåande skulane rundt om i fylket. Der har lærlingar og lærekandidatar fått sjansen til å bli kjende med både kvarandre og elevar på skulen. Dei har fått informasjon om tilboda på skulen, delteke på ulike aktivitetar og delteke på fellesmiddag.

Tips ein ven Skriv ut