Foto: Statens Vegvesen

Årets mest trafikksikre russebil

Nordfjordeid Trafikkstasjon har gjennomført årets russebilkontroll. Årets mest trafikksikre russebil tilhøyrer russ frå Stryn og Hornindal.

Godkjende bilar får oblaten «Godkjent russebil 2017». Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at dei håpar arrangementet vil vere med på å gjere russetida tryggare når det gjeld køyring av russebil.

Alle russebilane som kjem til kontroll er med på konkurransen «Nordfjord sin mest trafikksikre russebil 2017». Kåringa av vinnar, andre og tredje plass vil skje onsdag i neste veke.

Dei som får manglar på kontrollen i dag eller i morgon har såleis ei veke på seg på å rette manglane som vert funne,  og likevel delta i konkurransen.

Sparebanken Sogn og Fjordane stiller opp med kr 3000 som 1. premie, kr 2000 som 2. premie og kr 1000 til 3. premie i konkurransen om Nordfjord sin mest trafikksikre russebil.

Tekst: Gunnhild Sindre Fjordingen