Stryn vidaregåande skule

Afternoon Tea på Stryn vidaregåande skule


Sist torsdag fekk dei 15 elevane på internasjonal engelsk utfalda seg på kjøkkenet. Afternoon Tea stod på planen.
Ei spennande økt og eit kjekt møte med den engelskspråklege kulturen i praksis.

Afternoon tea ved Stryn vidaregåande skule

Afternoon tea er ein britisk tradisjon som kan daterast tilbake til 1800-talet. Det er eit lett måltid som kan bestå av smørbrød, scones, kaker og kjeks, og er vanlegvis ete mellom klokka 16 og 18.

aft


Klassen i internasjonal engelsk laga torsdag 4. september sin versjon av afternoon tea, med te, scones, chocolate chip cookies og smuldrepai med kanel og eple. Dei 15 elevane utfalda seg både med matlaging og pynting, og serverte eit nydeleg måltid.

aft
Tips ein ven Skriv ut