Første skuledag er det oppstart for alle i kantina kl 9. Her blir det litt felles informasjon før klassane går til basisrommet sitt saman med kontaktlærar. Før den tid, må du hugse å takke ja til tilbod til skuleplass (dersom du ikkje har lagt inn automatisk svar).
Viktige ting å hugse på:
- Alle elevar må ha eigen pc. Dersom du er ny vg1-elev, kan du nytte deg av ordninga med å kjøpe rimeleg elev-pc gjennom fylkeskommunen. Les meir her om ordninga.
- Alle elevar med ungdomsrett har rett på utstyrsstipend. Du kan også ha krav på bortebuarstipend, reisestipend og eller inntektsavhengig stipend. Les meir om stipenda i Statens lånekasse her.
- Dersom du bur meir enn 6 km frå skulen, har du rett på gratis skuleskyss. Du kan søke om skuleskyss når du takkar ja til tilbod om skuleplass (alle elevar må søke om skuleskyss kvart år). For elevar frå Vestland kunne ein for skuleåret 2023/2024 få skuleskyssbillett på mobil. Dei fleste elevane våre nytta seg av det tilbodet sist skuleår.Les meir om skuleskyss for elevar frå Vestland. Her kan du lese meir om skuleskyss for elevar frå Møre og Romsdal.
Elevmentorane våre
På bildet over ser du dei nye elevmentorane våre. Dei har vore gjennom opplæring for å kunne ta i mot deg på beste måte når du møter på skulen i august. Kvar klasse får tildelt sine mentorar, desse arbeider aktivt for å fremje det psykososiale læringsmiljøet i klassen og på skulen.
Vi ser fram til å møte deg måndag 19. august!