Stryn vidaregåande skule
Russ på tur: Jakob Bø og Andreas Flo Stavik (t.h.) tok med seg Martin Åmås (t.v.), og Jan Magne Sandvik (i midten) frå Stryn omsorgssenter ut på tur i sentrum og kafe.   Foto: Snorre Øvreberg

Russ på tur: Jakob Bø og Andreas Flo Stavik (t.h.) tok med seg Martin Åmås (t.v.), og Jan Magne Sandvik (i midten) frå Stryn omsorgssenter ut på tur i sentrum og kafe. Foto: Snorre Øvreberg

Bebuarar ved Stryn omsorgssenter fekk vere med russen på tur og kafébesøk i sentrum

Etter å ha vunne loddtrekninga på skulen om kven som skulle få sponsormidlar frå Fluorlux, gjekk Jakob Bø, Andreas Flo Stavik og resten av gutta i russebilen «Bygdedyret 2020» på tur med ein liten gjeng frå Stryn omsorgssentet.

Fluorlux utfordrar sponsormottakarane kvart år til å ta eldre med ut på tur, og gje noko tilbake til samfunnet.

– Vi tok ei runde i Stryn sentrum, og nokon av oss tok ein liten stopp på Matstova, før vi gjekk tilbake. Det var ein kjekk tur, og det verka som dei vi tok med oss, sette pris på å kome seg ut litt, fortel Jakob Bø til Fjordingen.

(Turen vart gjennomført i starten av mars, lenge før tiltaka mot koronavirus vart sette i verk)

Tekst: Fjordingen