Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Dei ulike yrka/Betongfaget

Betongarbeidar med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Som betongfagarbeidar kan du få jobb i entreprenørbedrifter, kommunale etatar, Statens vegvesen, hos eigedomsforvaltarar, Statkraft eller murar- og tømrarmeistrar.

Sentrale arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver omfattar produksjon av plasstøypte og prefabrikkerte betongkonstruksjonar innanfor bygg- og anleggsverksemder. Sentrale arbeidsområde er

  • fundamentering
  • forskaling og armering
  • utstøyping av betong, produksjon og montering av betongelement, betongrehabilitering
  • branntetting og fuging
  • teiknings- og konstruksjonsforståing
  • rigging og drift av byggjeplass

Personlege eigenskapar

Betongfaget krev sjølvstendige utøvarar som er kreative, nytenkjande og miljøbevisste. Du må òg kunne samarbeide med andre. Du må kunne arbeide planmessig og nøyaktig og ha godt handlag.

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker