Stryn vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Bibliotek
Inngangspartiet til Stryn bibliotek

Foto: Stryn vidaregåande skule

Skulebibliotek

Opningstider:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag 10-16
Torsdag 10-20
Laurdag 11-14

Velkomen til skulebiblioteket.

Skulebiblioteket er samlokalisert med Stryn bibliotek og du finn oss i 1. etasje aust på Stryn vidaregåande skule.

Vi har eit godt utval av bøker, teikneseriar, lydbøker, musikk og filmar, og vi abonnerer på mange aviser og tidsskrift.

Biblioteket er eit "web-løftbibliotek", og har eiga heimeside: http://strynbibliotek.no/  På denne nettstaden kan du søke etter bøker, lydbøker, musikk-cd-ar og film i Stryn bibliotek. Du kan bestille titlar du finn i basen. Vi legg av til deg, eller reserverer om det skulle vere utlånt. Hugs å legge igjen mobilnummeret ditt når du bestiller.

Stryn Bibliotek har blogg og Facebookside (Stryn bibliotek)! Dersom du er på jakt etter gode bøker og filmar anbefaler vi spesielt denne bloggen: Blogspot - Stryn Bibliotek

Vi hjelper til med utlån og innlevering av skulebøker.  

Biblioteket har elles ein fin lesesal der du kan sitje i fred og ro og fordjupe deg i faga.

Vi hjelper deg også med å låne inn bøker frå andre bibliotek, og vi hjelper deg gjerne med å finne gode fagkjelder i bøker og på nettet.

Biblioteksjef er Kristin Hatledal. Aud Skipenes og Marthe Holien Bø er bibliotekarar.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Stryn Bibliotek
Hegrevegen 1
6783 Stryn
postmottak.bib@stryn.kommune.no
Tlf: 57 87 48 80
 

Kristin Hatledal
Biblioteksjef
kristin.hatledal@stryn.kommune.no
970 24 543