Elevar i 1STB på tur til Vetledalssetra i Oppstryn

Foto: Stryn vidaregåande skule

Bli kjent tur til Vetledalssætra

Elevane på Vg1 studieførebuande fekk ei minneverdig oppleving sist torsdag.  Fullmåne, overnatting i lavo, grilling og undervisning i lokalhistorie og geografi i verdas finaste klasserom.

Kontaktlærarane Hans Petter Galtung og Kjell Anders Waage-Pettersen hadde ein kjempeflott bli kjent tur til Vetledalssetra i Oppstryn med elevane på Vg1 studieførebuande. Elevane overnatta i lavo, men det flotte veret gjorde også at ein del gutar valde å sove under open himmel. Det var høge temperaturer både dag og natt på heile turen og torsdagskvelden dukka også ein flott fullmåne fram bak Strynekåpa og kasta eit fantastisk lys over det flotte landskapet. Elevane kosa seg med leikar, grilling og bålbrenning. Lærarane la også inn litt undervisning i geografi og lokalhistorie på turen. Totalt sett ein vellukka tur med ei veldig kjekk klasse som vi kontaktlærarar ser fram til vidare godt samarbeid med.

Tips ein ven Skriv ut